Lokal | 12. mai 2012
Bulka BMW blei avskilta
Politiet fekk melding om merkeleg parkering av skadd bil.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 12. mai 2012 11:21
Laurdag morgon fekk politiet melding om ein bulka bil som sto parkert på skeiva på ein parkeringsplass på Halhjem ferjekai.
– Vi ville sjekka ut om bilen var stolen, eller om den hadde vore involvert i eit uhell vi burde veta om, seier politibetjent Rune Fimreite.
Politiet fekk kontakt med eigar, som er frå Os. Han fortalte at han hadde kollidert på Stord i går, men at han hadde fått bilen over med ferja.
– Styremekanismen skal vera skadd, det var derfor den sto litt rart oppstilt. Grunna den tekniske standen har vi avskilta bilen. Eigar kan få skilta igjen ved å visa bilen i god stand for vegvesenet, seier Fimreite.