Lokal | 26. juni 2013
Bulka i Mobergsbakken
Politiet taua inn rusa kvinne på Moberg og rykte rett etterpå ut på trafikkulykke i svingen over Oseana onsdag.


Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. juni 2013 13:49
Onsdag klokka 10.17 fekk politiet melding om trafikkulykke i Mobergsbakken.
– Det var ingen personskade, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
– Men ein av bilane måtte tauast vekk, legg han til.
Kva som har skjedd er uvisst, men det kunne sjå ut som om ein bil har blitt påkjørt i sida av møtande bil som kom opp bakken. Partane ordna opp på staden.
Rusa kvinne
Rett før trafikkulykka var politiet ute på ei anna adresse på Moberg.
Der tok dei hand om ei rusa kvinne.
– Ho blei kjørt til arresten i Bergen, fortel Sperrevik.