Sport | 31. mai 2010

- Burde slått Baune

Baune har starta serien med 47-0 i målforskjell på dei tre første kampane. I går burde dei tapt for Os.

- Burde slått Baune
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. mai 2010 11:45

Damelaget til Os fekk ein tøff sesong i fjor, med tynn stall og fleire sentrale spelarar vekke frå hausten av. Det enda med nedrykk til 4. divisjon.

I år stiller Os til kamp med større stall, og starten på sesongen har vore ganske god.

- Vi er nøgd med 7-0 over Radøy/Manger, men 4-2-tapet for Flaktveit var dårleg av oss. Kampen var jamn, men vi sette ikkje sjansane, seier hovudtrenar Rune Balland.

Sundag spelte Os mot serielar Baune på heimebane. Baune har vunne dei tre første kampane 13-0, 23-0 og 11-0, men på Kuventræ fekk dei motstand.

Hamna under til pause
Cirka 50 tilskodarar fekk sjå ein jamn kamp mellom serieleiar Baune og Os i sundag kveld. Os tok kommandoen frå start og var ifølgje Balland det førande laget i første omgang.

- Dei skåra dessverre på eit av sine kanskje berre to angrep i første halvdel, så då gjekk vi til pause med 0-1.

Baune god i andre
Etter kvilen starta Baune svært godt, og hadde eit par store sjansar i starten av omgangen.

- Men vi hade også v¨åre sjansar. Anne Øvreeide var åleine med keeper i 55. minutt, seinare i kampen fekk innbytar Linn Helen Thuen ei tå på ein ball som nesten gjekk inn.

Heldivis skåra Caroline Nilsen (58. min) på eit fint angrep etter kontring. Men utlikninga var ikkje nok til at dei blei poeng.

Baune fekk frispark framfor Os sitt mål og sette ballenkontant i nota frå rundt 20 meter.

Kampen enda 1-2 (0-1)
SJÅ TABELL

- Vi føler oss litt snytt, vi hadde fortent minst eitt poeng i går, meiner Os-trenaren.

Med og utan kondis
Han meiner Eirin Storebø var dagens beste Os-spelar.

- Eirin er god med og utan ball, ho les spelet godt og er nesten alltid godt plassert.

At Os har fått tilbake spelarar som Heidi Kloven, Mariann Solibakke, Linn Helen Thuen og Anne Øvreeide merkast godt.

- Vi har 10-12 spelarar som trente godt i vinter. Dessverre har ikkje alle dei andre like god kondisjon, så sjølv om vi har gode spelarar har vi litt å henta på den fysiske formen.

Os speler neste kamp på bortebane mot Austevoll. Neste heimekamp går mot Varegg/Sandviken 3 sundag 13. juni kl 18.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.