Burning og funn av hasj
Politiet var i går, for tredje dag på rad, på ransaking på jakt etter narkotika. Samtidig fekk dei melding om burning i Ådnadalen.
Både måndag og tysdag var politiet på ransaking på ulike private adresser i Os.
Måndag fann dei hasj i huset til ein mann i 20-åra, tysdag fann dei brukarutstyr i heimen til ein mann i 30-åra.
– Tysdag var vi på ransaking hos ein annan mann i 20-åra. Der fann vi mindre mengder hasj og vedkomande erkjente forholdet, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
– Er mindre mengder hasj godt nok grunnlag for ransaking?
– I utgangspunktet går det på kor sannsynleg det er at vi finn narkotika, for at vi får løyve til ransaking. Kor stor mengde det er sannsynleg at vi finn er ikkje lett å veta på førehand.
Burning i Ådnadalen
Medan politiet var opptatt med narkosaka kom det melding om burning ved det store, ubrukte lageret Lidl bygde i Ådnadalen.
– Fleire bilar skal ha vore i sving og leika seg på glatten, blant anna ein Toyota Celica.
– Men vi var dessverre opptatt og fekk ikkje sjekka opp saka.