Denne bussen prøvde seg på Søvikåsen i dag. (tips@midtsiden.no, foto: Mads Engelsen)
Denne bussen prøvde seg på Søvikåsen i dag. (tips@midtsiden.no, foto: Mads Engelsen)

Buss skapte kø på Ole Bulls veg

– Kommunen bør få farten opp og skilta betre. 

Kjetil Vasby Bruarøy
23. september 2019 - 14:25

Ole Bulls veg over Søvikåsen er skilta med maks 3 tonn per aksel og 8 meter lengde.

Trailerar, semitrailerar og bussar trassar skilta med ujamne mellomrom, seinast i dag.

Måndag litt før klokka 13.40 køyrde ein buss opp Søvikåsen, retning Os.

– Vi har ikkje fått melding om dette, en rykker ut og ser, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Ifølgje to tipsarar var det ein del kø på staden. Bussen skal ha kome seg over Søvikåsen.

– Bør skiltast betre

I mai i år måtte ein annan buss eskorterast baklengs ned igjen. I september i fjor køyrde to bussar opp feil veg til Drange og blei ståande fast.

For ein månad sidan sto ein semitrailer fast på Ole Bulls veg.

– Enkelte følgjer GPS, andre køyrer feil. Dette er til hinder for andre, eg synest kommunen som eig vegen må sørgja for å få skilta vegen betre så dette ikkje skjer så ofte, meiner ein av trafikantane som i dag blei forseinka grunna bussen.

Les meir om

Lokal Politi Veg