Kultur | 13. apr. 2010

Bussar til innspeling

Fredag spelar ORBO inn LIVE-plate på Ricks. Fans frå Os set opp buss for publikum.

Bussar til innspeling
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. apr. 2010 20:38

Fredag går ORBO & The Longshots på scenen på Ricks, ikkje berre for å halda konsert, men for å spela inn plate.

- Dette synes vi er så stas at vi set opp buss igjen, seier ORBO-fan Linda Andersen.

- Det var stor suksess begge dei andre gongane og vi har allereie 20 påmeldte til fredag. Bussen går frå Halhjem klokka 20.15, ta kontakt om du vil vera med tur-retur, oppmodar ho.

Fyller 10 år
ORBO & The Longshots har rukke å bli 10 år, og feirer med innspeling av LIVE-plate.

- Vi kjem nok til å spela inn 20-30 låtar og plukker frå alle albuma våre. Mange av låtane har endra seg litt med åra, så ein del av dei kjem i ny versjon, seier ORBO til Midtsiden.no.

Nokre nye?
På spørsmål om vi kan venta oss nokre heilt nye låtar på LIVE-albumet er Ole meir i tvil.

- Mange av låtane våre fortener plass på denne plata. Vi skal spela inn ny studioplate i løpet av året også. Likevel er det eit par coverlåtar vi alltid har hatt lyst til å spela inn, så vi får sjå.

Med blåserekkje
ORBO er opptatt av at alt skal vera ekte under LIVE-innspelinga. Ingen drilling av publikum, som det er plass til 400-500 av, og ingenting skal leggast på i studio etterpå.

- Vi har med blåserekkje og Varde Media til å filma, elles stiller vi som til ein vanleg konsert.

- Bandet er i storform, vi har aldri vore betre! Eg håper publikum kjem til å kosa seg denne kvelden, seier vokalisten og låtskrivaren.

PS! ORBO & The Longshots spelar konsert under Vårsleppet på Os laurdag 8. mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.