Lokal | 26. sep. 2020

Busstreiken utvida - ingen bussavgangar i bergensområdet

Skyss oppfordrar til å reisa minst mogleg.

Busstreiken utvida - ingen bussavgangar i bergensområdet
Klokka 05.00 i dag tidleg blei busstreiken utvida - det er full stopp i busstrafikken i bergensområdet. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 26. sep. 2020 06:44

I dag tidleg klokka 05.00 starta den varsla opptrappinga i busstreiken.

Dette betyr at alle bussar i bergensområdet står.

Skyss skriv i ei pressemelding at under busstreiken vil det ikkje bli nokon avgangar med Skyss sine bussar i Bergensområdet (ruteområda Bergen sør, Bergen sentrum, Bergen nord, Vest og Nordhordland), frå og med laurdag morgon. I resten av Vestland vil det gå nokre få enkeltturar i nokre ruteområde.

Det er no publisert lister over desse enkeltavgangane på skyss.no og kringom.no.

Bussavgangar fredag kveld etter midnatt og nattavgangar vert ikkje påverka av streiken.

• Les òg: Ingen buss i Os viss streiken blir utvida

Reisegarantien (refusjon for alternativ transport når bussen ikkje kjem) gjeld ikkje ved streik. I tråd med spelereglane som gjeld for lovlege arbeidskonfliktar, gjer Skyss/Kringom ikkje kompenserande tiltak for å bøte på konsekvensane av streiken.

Digital ruteinformasjon (appen Skyss Reise og sanntidstavler) blir ikkje oppdatert med innstilte avgangar, men vi vil leggje ut generell informasjon om streiken i alle våre kanalar.

Vi oppfordrar til å reise minst mogleg dersom det blir busstreik. Bybanen vil gå som normalt, men av omsyn til smittesituasjonen oppfordrar vi om å unngå å nytte Bybanen dersom det er mogleg, slik at det ikkje blir stor trengsel. Vi minner om at det er tilrådd å nytte munnbind på Bybanen dersom det ikkje er mogleg å halde 1 meters avstand.

Båt og ferje vil gå som normalt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.