Sport | 25. juni 2009

Buvik er tilbake

Frode Buvik kjem tilbake til Os etter eit halvt år for Fyllingen. Torsdag er første trening, allereie laurdag kan han få speletid.

Buvik er tilbake
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. juni 2009 05:55

- Vi blei einige onsdag og overgangspapira blir sendt. Torsdag har Buvik si første trening med Os denne sesongen, seier trenar Frank Hellevik.

Midtbanespelaren Frode Buvik var ein viktig spelar for Os, både i opprykkssesongen i 2006 og dei neste to åra i 2. divisjon. Lysefjordingen kom tilbake til Os etter nokre sesongar for Nest-Sotra, men etter nedrykket i fjor vurderte han andre klubbar igjen.

Då Frank Hellevik sette frist, og Buvik enno ikkje kunne gje klart svar om kva klubb han ville spela for, fekk han beskjed om at han ikkje var aktuell. Frode sjølv syntes fristen var tidleg, og valte då å satsa på Fyllingen.

- Eg vil ha spelarar som verkeleg ønskjer å spela på Os. At Frode no kjem tilbake synes eg er kjekt, han er hjarteleg velkomen, og kjempar om plass på laget på lik linje med dei andre, seier Frank.

- Buvik kjem til å styrka ein allereie sterk stall. Han er rask og flittig, teknisk god og han les spelet godt.

Lite speletid
Buvik flyttar til Os igjen, og blir sambuar med kjærasten Veronica Herheim.

- Vi skal bli foreldre i oktober, seier Frode.

Det er ein kombinasjon av flyttinga og lite speletid i Fyllingen som gjer at han vil spela for Os igjen.

- Eg har fått speletid i nesten alle kampane, men ikkje så mange minutt, og frå start berre i éin seriekamp og éin cupkamp.

- Eg likte meg godt i klubben, miljøet og treningane var gode, men no ser eg fram til å koma tilbake til Os, seier Frode Buvik.

Toppkamp laurdag
Laurdag spelar Os siste kamp før sommarferien, på bortebane mot Tertnes, som ligg på 2. plass på tabellen.

- Frode kan bli aktuell. I tillegg har vi ein svolten og rask gjeng klar for nye tre poeng. Preben Borgen er ute i karantene etter at han fekk tredje gule i førre kamp, men Tim er tilbake etter karantene mot Voss og Algrøy er bra etter skaden og i full trening, fortel Hellevik.

Er papira klare på Buvik før helga, kan også han bli aktuell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.