Lokal | 09. jan. 2018

Bygdas finaste solplass?

Bildeserie: Utvidinga på Steinneset byrjar å ta form. – Målet er å vera klar til påske, seier prosjektleiaren.

Bygdas finaste solplass?
Promenaden på Steinneset i låg vintersol (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 09. jan. 2018 14:03

Bildeserie:

Parkering og promenaden i vintersol 9. januar (foto: Andris Hamre)
Parkering og promenaden i vintersol 9. januar (foto: Andris Hamre)
På det grusa området skal det koma gangveg ut til Steinneset (foto: Andris Hamre)
På det grusa området skal det koma gangveg ut til Steinneset (foto: Andris Hamre)
Her blir det ein post med straum og ferskvatn (foto: Andris Hamre)
Her blir det ein post med straum og ferskvatn (foto: Andris Hamre)
På toppdekket manglar ein berre litt betong for å sikra steinane og få ei universell utforming (foto: Andris Hamre)
På toppdekket manglar ein berre litt betong for å sikra steinane og få ei universell utforming (foto: Andris Hamre)
Lengst ute, nærast kamera, blir det eit område med benkar og bord (foto: Andris Hamre)
Lengst ute, nærast kamera, blir det eit område med benkar og bord (foto: Andris Hamre)
Sjølve moloen har blitt reparert, slik at den no heng saman med promenaden innanfor (foto: Andris Hamre)
Sjølve moloen har blitt reparert, slik at den no heng saman med promenaden innanfor (foto: Andris Hamre)
Steinneset sett frå brygga framfor Vindu mot Fjorden (foto: Andris Hamre)
Steinneset sett frå brygga framfor Vindu mot Fjorden (foto: Andris Hamre)
1 av 7

I september starta kommunen sine eigne folk med å gjera i stand p-plassane for bil og bubil på Steinneset, etter at Frp og Høyre i sitt budsjettframlegg i desember 2014 kom med framlegg om å bruka éin million til bubilparkering på Steinneset. Arbeidet har dei tatt innimellom hasteoppdrag som vassledningsbrot og andre ting.

Midtsiden fekk tysdag tips om at ein var i gang med å asfaltera der ute, men det er berre første biten av vegen ved Vindu mot Fjorden som får ny asfalt no.

– Vi skal ikkje asfaltera heile vegen ut enno. Det vi no held på med er å avretta vegen og legga grus på vegen og plassen i høgde med asfalten lengre inne. Vi må få ei periode med litt meir varme, slik at dette får satt seg før vi asfalterar resten. Målet er å ha det klart før påske, fortalde prosjektleiar Odd Helge Henriksen frå prosjektavdelinga då vi var utom.

Universell utforming

Det meste av arbeidet med å utvida plassen er ferdig.

– Vi har vald ei løysing med tørrmuring med store steinar, då dette held bedre mot vêr og vind enn tremateriale gjer. Det einaste vi manglar no er å støpa mellom steinane som ligg på toppen slik at vi får ei universell utforming på gangområdet utanfor parkeringa. For å få gjort dette må vi også ha fire fem dagar med fire fem varmegradar slik at betongen får herda. Det er ein av dei få tinga vi leiger inn eksterne ressurser til å hjelpa oss med. Boasson, som har lagt bygolvet inne på Osøyro, er dei som skal gjera dette for oss.

Det blir også etablert ein post for straum til bubilane og ei vatnpumpe kor ein kan henta ferskvatn. Den kraftige trelista som skal skille parkering og promenaden framfor blir laga på bestilling av Os ASVO.

Urban soling

Når dette kjem på plass, og sommaren kjem, er det Midtsiden sin spådom at dette kjem til å bli ein ynda plass for å sola seg. Nær sentrum, nær badebrygga i Haugsnesfjero og med sol også utover ettermiddagen.

– Det kan godt vera at du får rett i det. Lengst ute der kjem det ikkje parkering, men eit område med benkar og steinbord, så det blir lagt til rette for meir variert bruk enn berre parkering.

Lagar fortau

Langs vegen frå Vindu mot fjorden, der kor brygga rundt bygget kjem inn til land att, og ut til det nye området skal ein også pynta på fyllinga og etablera fortau.

– Vi skal pynta litt meir opp innover, så skal vi støpe ein kant til å skille bilar og gåande før vi asfalterer også gangvegen ut her, forklarar Henriksen.

Reparerte skader på moloen

I samband med arbeida oppdaga kommunen sine folk at Steinneset-moloen var i ferd med å bli delvis vaska ut frå innsida.

– Returbølgene har tatt med seg fyllmasse, grus og stein, så vi fann ut at vi skulle fiksa det i same slengen. Difor har vi fortsatt med muren også på den inste delen av moloen, slik at moloen blir i orden igjen, avsluttar prosjektleiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.