Lokal | 26. nov. 2016

Bygdas første skøytehall

Laurdag opna skøytebanen i sentrum. Kraftig regn fredag gjorde at det i løpet av natta blei skøytehall ved hjelp av den nye sentrumssjefen sitt gamle telt.

Bygdas første skøytehall
Skøytehallen i sentrum var populær laurdag. Det kan vera godt med hjelp frå mor på den glatte plastisen (foto: Øyvind Gjerde, Os kommune)
Andris Hamrelørdag 26. nov. 2016 16:26

Bildeserie:

Kjetil Osablod Grønvigh med gode hjelpere fekk bygd tak over skøytebanen fredag kveld (foto: Andris Hamre)
Kjetil Osablod Grønvigh med gode hjelpere fekk bygd tak over skøytebanen fredag kveld (foto: Andris Hamre)
Sverre Lunde Pedersen sto for den offisielle opninga (foto: Øyvind Gjerde, Os kommune)
Sverre Lunde Pedersen sto for den offisielle opninga (foto: Øyvind Gjerde, Os kommune)
Sverre og kultursjef Lisbeth Axelsen var godt nøgd med det nye tilbodet (foto: Øyvind Gjerde, Os kommune)
Sverre og kultursjef Lisbeth Axelsen var godt nøgd med det nye tilbodet (foto: Øyvind Gjerde, Os kommune)
1 av 3

Sverre Lunde Pedersen fekk æra av å opne den 35 kvadratmeter store skøytebanen på Telthusplassen i Os sentrum laurdag. Med 20-30 ivrige skøyteungar klare til å teste kunstisen tok skøytestjerne dei første skøytetaka og inspirerte dei yngre til kanskje å satsa på den gamle nasjonalidretten.

William skaffa telt

I regnet fredag kveld fann Kjetil Osablod Grønvigh og dei andre i kultureininga i kommunen ut at dei kunne ikkje ha ei skøytebane utan ly for vêret.

– Eg visste at den nytilsette sentrumssjefen William Lindborg hadde telt frå tida med Rock'n LoL, så han fekk ein tjuvstart på den nye jobben og kom med teltet. Fredag kveld fekk vi, med god dugnadhjelp og ikkje heilt utan pluder, opp rammeverket, før vi i førmiddag fekk på teltdukane og bardunert det heile, så no har vi Os sin første skøytehall, fortel ein litt sliten Grønvigh ein time etter at Sverre sto for opninga.

Høg aktivitet

Skal ein døme ut frå dei første timane blir skøyteteltet eit populært tilskot i desember.

– Vi har vel hatt ein 20-30 ungar som har kost seg på isen her dei første timane. Det er ikkje noko problem å gå på den med vanlege sko, men i det du får på deg skøytene så er det god gli. Vi boner plasten for å få den gode gliden. Vi har aldri gjort det før, så det blir litt prøving og feiling, forklarar Osablod Grønvigh.

Skøytehallen vil vera open kvar dag i desember unntatt 1. juledag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.