Næringsliv | 27. juni 2011

Bygde butikk på tre veker

I starten av juni overtok dei Kleiven-lokalet, torsdag opnar motebutikken LoL i Os sentrum.

Bygde butikk på tre veker
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. juni 2011 19:40

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden på Facebook

– Det meste er på plass no. Vi ventar på nokre DC-klede som blei sendt frå Oslo, elles handlar det berre om å læra seg med kassaapparatet, seier Anders Heggeland.

I mai fortalte vi at Anders hadde planar om å opna butikk i Os sentrum saman med broren Kristoffer og svigerinna hans, Lena Stigen Mathisen.

Den første veka i juni overtok dei lokalet Kleiven Kjøtt og Delikatesse i mange år har brukt. Målet var å opna til marknadsdagane på Os, som startar torsdag. Det klarer dei fint. (Marknadsdagane tjuvstartar med European Market onsdag).

Ny frå topp til tå

Butikken, som får namnet LoL, skal selja moteklede av kjente varemerker for ungdom og unge vaksne. Lokalet er framre del av det Kleiven brukte.

– Kleiven eig sjølv bakerste del, der han hadde kontor og produksjon. Dette er sperra av, vi leiger lokalet der butikken var, som Anders Fagerthun eig.

Medan husverten har bygd nytt lokale i det tidlegare gullsmed-lokalet vegg i vegg har dei komande butikkdrivarane rusta opp sin del.

– Først var det riving av plater på veggane, så kom gipsing og golvstøyping, seier Anders, som jobbar som golvstøypar når han ikkje tenkjer tekstil og ungdomsmote.

Mur og paller

Veggane er kledde med gips, men delar av murveggane har fått stå igjen.

Med beisa paller som innreiing - og disk, har butikken fått eit røft preg.

Då vi var innom måndag var lokalet rydda og veggar og stativ halvfylt med klede.

– Vi har gjort det raskt og rimeleg, men vi er nøgde med resultatet og med at vi har klart å bygga ein butikk på under tre veker.

I rute

No gjenstår å få nokre fleire varer på stativ, få playstation på plass framfor den vesle raude sofaen og ein rask gjennomlesing av brukarmanualen til kassaapparatet.

– Til og med betalingsterminalen er på plass, så vi føler oss klare for opning, seier Heggeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.