Yvonne Kofoed Rimstad og Jannicke Lekven Sivertsen opna Naturkost Os i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ny butikk på éi veke

Yvonne Kofoed Rimstad og Jannicke Lekven Sivertsen opna Naturkost Os i går.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag for ei god veke sidan, etter 17 år i drift, rydda Jannicke Nøss dei siste hyllene ut av Helsekostbutikken Life på AMFI Os.

I går opna nye krefter ny helsekostbutikk, denne i Naturkost-kjeda.

– Det har blitt ei veke med 16-timarsdagar, men med god hjelp av mennene våre kom vi i mål, seier Yvonne.

Laurdag formiddag opna Naturkost Os.

Lys og open

Ny innreiing er på plass, og med endra møblering. Dør til pauserom er flytta for å frigjera ein krok til hyller, det same er disken.

Alle hyller er plasserte med avstand til dei store vindauga.

– Vi ville ha den mest mogleg lys og open, og er veldig nøgde med resultatet, seier Jannicke.

Ho jobbar som gartnar og blomsterdekoratør, og vil jobba deltid i butikken ho no eig saman med Yvonne.

Meir mat - meir kosmetikk

Gründerane har ikkje berre fptt hjelp til snekring, mykje varer skulle i hyllene før opning.

– Kva varer har de satsa på utover det som gjekk godt i førre helsekostbutikk?

– Vi har mykje økologisk, både mat, såper og kosmetikk, også sminke.

– Dei første timane har vore veldig fine. Alt har fungert som det skal med kasse og terminal, og vi har hatt bra med folk innom, sa Yvonne og Jannicke to timar etter opning.

Fleire saker