Bygg og brygg
Byggemappen og Bjørnafjorden Bryggeri koker i lag.
Dei to gründerverksemdene Byggemappen - Lean Konseptutvikling og Bjørnafjorden bryggeri har funne samen. Ikkje for eit bedriftsmessig samarbeid, men for å hjelpe kvarandre i starten.
– Vi hadde lyst til å gjera noko spesielt som ei teambuilding. Då vi las om Bjørnafjorden Bryggeri tok vi kontakt for å høyre om vi kunne få til noko.
– Vi må jo bruke kvarandre og støtte opp om lokale, nystarta verksemder, seier Jan Tore Grindheim i Byggemappen.
– Og vi treng å få testa bryggeutstyret før vi får alt på plass og kan starta den komersielle produksjonen, så det passa bra at Byggemappen-gutane hadde lyst til å brygga øl, supplerer Tarjei Skeie frå Bjørnafjorden Bryggeri.
Leigde utstyret
Løysinga blei eit samarbeid, kor Byggemappen leiger utstyret til Bjørnafjorden Bryggeri for å laga øl sjølv under kyndig rettleiing frå byggarane.
– Ein vinn-vinn situasjon for oss begge.
– Eg er imponert over gutane i bryggeriet. Vi hadde ikkje lyst til å lage eit standard øl, vi ville ha noko særeigna. Gutane kom og intervjua oss om smak og kva vi likte og har laga ei eiga oppskrift til det som skal bli Bryggemappen IPA. Ølet skal vi nytta i festleg lag saman med kundane våre, fortel Grindheim.
Lokal humle
Det er ikkje berre utstyret og samarbeidet som er lokalt. Humla som skal være med på å gje ølet bitterheit, smak og aroma er hausta hos næringssjef Daniel Skotheim sin far i Lysefjorden.
– Det er gøy å nytte lokale råvarar når dei finst, og ikkje minst læra litt meir om korleis laga godt øl, smiler Grindheim.
Andre testkøyringa
Og godt øl reknar bryggemeister Tarjei Skeie det skal bli.
– Det skal i allefall ikkje stå på utstyret. Dette har det kome mange liter godt øl ut av. Vi kjøpte det frå Eikangersmauget bryggeri, då dei skulle utvida kapasiteten sin.
– Vi har køyrd eit testbrygg tidlegare og fekk avdekka nokre småting, mellomanna eit termometer som ikkje fungerte som det skulle. Vi fekk mange svar då, særleg rundt dette med temperatur. No har vi gjort nokre modifikasjonar og eg reknar med at vi får nokre nye svar i kveld, avsluttar Skeie før malten skal gå i kjelen.