Byggekomiteen svikta
Det meinte i alle fall opposisjonen då kommunestyret handsama Oseana-rapport.
Byggekomiteen for Oseana la tysdag fram sin sluttrapport for byggeprosjektet på Mobergsneset. Sluttrapport blei teken førebels orientering.
- Vi har fått ein grei og fyldig rapport frå byggekomiteen. Framlegget er godt, men det er eit subjektivt framlegg.
- Eg saknar rådmannen si vurdering med kva som har funka og kva som ikkje har funka. Den objektive vinklinga må vi ha med om vi skal trekkja lærdom av prosjektet, hevda Lars Atle Skorpen (AP) som fremja forslag om å utsetja saka til rådmannen hadde fått gjeve si vurdering.
- Rapporten er lagt fram i tråd med dei rapporteringsrutinane kommunestyret vedtok i høve prosjektet i forrige periode, svarte leiar i byggekomiteen Terje Søviknes (Frp).
Utsetjingsforslaget frå Skorpen fekk berre arbeiderpartiet sine røyster.
- Ingen ting å skryta av
Skarpast ut i kritikken av byggekomiteen sitt arbeid og rapporten gjekk Ingrid Netland (Sp).
- Sluttrapporten frå byggekomiteen er ingenting å skryta av og det er heller ikkje handsaminga i formannskapet om Os og Fusaposten har referert den rett.
- Vi kan ikkje vera bekjent av å skylda på arkitektval, då det er eigne rutinar som til dei grader sviktar.
- Å påsjå at prosjektet blei varsla inn til arbeidstilsynet er eine og aleine byggekomiteen sitt ansvar, påpeika Netland som ba leiaren av byggekomiteen enkelt og greit koma med ei beklaging over at komiteen ikkje hadde gjort eit godt nok arbeid.
Espen Aspenes (Frp) var raskt frampå med å beroliga Ingrid Netland om at formannskapet ikkje hadde lagt skulda på arkitekten og at det byggherren (Os kommune) som eine og aleine har ansvaret for dei val som blei gjort.
Uvisse om 45 millionar
Eirik Neverdal (TvS) ba i formannskapet om ei nærare utgreiing omkring mva-kompensasjonen frå bygginga.
- I bordet i dag har vi fått eit notat frå rådmannen kor hoveddelen er relatert til drifta av Oseana. På sluten der er det knytt uvisse om vi får kompensert 45 millionar i mva når vi kjem så langt.
- Eg ber difor om at rådmannen sin endelege rapport blir lagt fram for formannskapet slik at vi kan få ei drøfting og veiing av hovudpunkta i rapporten før den går til kontrollutvalet.
Neverdal ba òg rådmannen legga fram ei oversikt over dei reelle overføringane frå kommunen sitt driftsbudsjett til Oseana KF.
Som å flytta fårepølsa mellom skivene
Jostein Bondevik (Krf) meinte sluttrapporten var ein ærleg rapport frå byggekomiteen, men at ei overskriding på 32% er kritikkverdig.
- Kritikken går til byggherre og byggekomite. Prosentvis er det gale, men enno verre er det i dei reine kronene som vil svekka kommunen sin økonomi ytterlegare.
- Når det gjeld framlegget om å flytta dei nesten 10 millionane frå det bunde driftsfondet til investeringsfond for å tilfredsstille arbeidstilsynet sine krav så vil eg ikkje vera med på det.
- Dei er tenkt å dekkje rentekostnadane for eit lån på 30 millionar. Å flytta midla over til eit investeringsfond blir som å flytta fårepølsa frå ei skive til ei anna. I såfall må vi ta pengane for å betale rentene frå ein annan stad, slo Bondevik fast.
Svært uheldig
Leiar i byggekomiteen Terje Søviknes meinte sluttrapporten gav eit godt bilete på kor ein står og at den står godt på eigne bein.
- Fleire har vore inne på finansieringssida og eg meiner framleis at Oseana blei forbigått av kulturminister Trond Giske då vi ikkje fekk statlege midlar sjølv om vi var prioritert på førsteplass frå fylket.
- Det er svært uheldig at vi har fått ei så stor kostnadsauke i prosjektet. Størsteparten skriv seg frå grunn- og betongarbeida og berekning av massar. Dette kunne ha vore avdekka om vi hadde hatt ein tredjepartskontroll før beslutning i kommunestyret.
- Frå mitt ståsted er det uansett viktig at vi som kommune, innbyggarar og region å ta med seg den takksemda vi skal ha i høve til initiativtakarane som har bidrege slik at kulturbygget har kunne realiserast utan å bruke meir enn 100 millionar av kommunen sine midlar.
- Sett i perspektiv med kor mykje vi no skal bruke på skuler, vann- og avlaup og anna infrastruktur meiner eg det er riktig og viktig, slo Søviknes fast som presiserte at han ikkje med det freista å ta vekk ansvaret frå byggekomiteen og prosjektorganisasjonen.