Næringsliv | 16. nov. 2011

Bygger butikk i ekspressfart

Sport1 stuper i det: Måndag kom varene, torsdag er det opning.

Bygger butikk i ekspressfart
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. nov. 2011 11:30

For to veker sidan blei det kjent at Sport1 etablerer seg på AMFI Os. I morgon er det opning.

– Dei første kundane kom ramlande inn dørene allereie i dag. Årsaka var feil i annonsen hos ei viss nettavis, seier innehavar Erik Rosendahl om Midtsiden sin tabbe.

Nokre av kundane fekk handla, men Rosendahl presiserer at det er klokka 8 i morgon, ikkje i dag, at det er opning.

– Varene kom måndag så vi har jobba side om side med handverkarane for å få alt på plass. Vi har ikkje kapasitet til å ta imot kundar i dag, det er ein haug med varer som skal prisast først.

Butikken har hovudfokus på tekstil og sko, men har også litt hardvare, som ski, i utstillinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.