Bygger fjøs i Os sentrum
Utvida versjon av Bondens Dag: Os Bondelag fyller sentrum med kortreist mat, traktorar, kyr, grisar, kaninar - og 200 sauar.
Os Bondelag fyller 150 år, 25 år etter at dei arrangerte Bondens Dag for første gong. Markeringa blir publikumsvenleg.
– Det har jo ofte vore regn på Bondens Dag, folk kjem likevel. Men i år, når vi fyller 150 år og markerer litt seinare på hausten, vil vi verna oss litt betre mot regn og vind, seier Olav Botnevik frå Os Bondelag.
I skrivande stund held han på å rigga det første av fleire telt som skal opp i Os sentrum, Kyrkjeflaten, Landboden og på grusbanen ved Os ungdomsskule.
Os Bondelag ventar både utstillarar og gjestar frå heile distriktet, blant anna frå Bergen, Sotra og Askøy.
– Det kjem 7 utstillarar, 4 av dei med traktorar, og nokre av dei med spennande nyvinningar. Det kjem til å stå traktorar og maskiner frå Torget til Kløvertun på laurdag.
Slakt, grill og store dyremengder
På Baronsplassen kjem telt til den store fårikålmiddagen. Her har det ikkje vore anna førehandssal enn til dei eksterne utstillarane, om du vil smaka på dei kortreiste råvarene, som Osøyro Kolonial har laga fårikål av, går du innom teltet bak Smia og Torget.
På grusbanen kan du læra om ei tidlegare fase av prosessen, ein slaktar er nemleg blant utstillarane.
– Han er dyktig, eg har sjølv vore på kurs med han. Også for jegerar er interessa stor.
Det blir også rigga grill på grusbanen, der det blir ei stor samling av dyr. 150 til 200 sauar er venta å delta, og når dei offisielle dommarane har gjeve sine karakterar, sin «takst» på kvar sau, kjem det òg til å bli handel.
Møt dyrene - under tak
På Kyrkjeflaten blir det som tidlegare å «open gard».
– Vi skal ha både sauar og storfe på grusbanen, mens kalvesjå og mindre dyr blir å møta på Kyrkjeflaten.
– I teltet lager vi båsar for kalv, kaninar, kalkunar, sauar og høns.
Grisane skal stå utanfor teltet. Der blir det òg ponniriding og kappløp med trø-traktorar.
Førehandssal av jubileumsbok
I skrivande stund er Åsmund Lien i ferd med å avslutta arbeidet med bok om Os Bondelag.
Bondelaget gav òg ut bok då dei fylte 100 år, no blir historie og bilde frå både dei første 100 og dei nyaste 50 åra samla i éi bok.
– Eg har fått sjå på dei ferdige sidene, og det blir mykje interessant å lesa både for dei som er interesserte i gardsdrift og dei som er glade i lokalhistorie generelt.
– På Bondens Dag blir det førehandssal av boka, som er ferdig trykt og i hyllene om nokre veker.