Ny innkjørsle til brannstasjon og legevakt er skilta og opna. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Opna nye kryss på Moberg

Ny entré til legevakt og direkte tilgang til rundkøyring og E39.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Parallelt med det omfattande anleggs- og byggearbeidet på OHARA (reinseanlegg) har det den siste tida vore mykje gravearbeid langs fylkesvegen og krysset ned til Os brannstasjon og legevakt.

I førre veke blei førre avkøyrsle fjerna og ny innkjørsle opna.

– I tillegg har vi fått ein ny veg direkte frå garasjeanlegget til rundkøyringa, men denne skal berre nyttast ved utrykking, og berre ut frå stasjonen. Når vi kjem tilbake skal vi inn same veg som alle andre, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Den nye vegen for utrykking skal få bom. Denne skal opnast automatisk.

Ny innkjørsle går direkte til inngangen på OHARA og forbi tomta der Os kommune skal bygga politistasjon.

Fleire saker