Lokal | 17. aug. 2012

Bygger skule i Landboden

Om ein dryg månad skal seks klassar ut av Os ungdomsskule og inn i midlertidige lokale. Her er lokala og entreprenørane som skal rusta opp skulen.

Bygger skule i Landboden
F.v.: Tømrarane Tore Valvik, Eivind Olsen og Kristoffer Heggeland frå byggmester Kjell Aarvik AS er i sving i Landboden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. aug. 2012 20:46

Os ungdomsskule skal rustast opp for over 70 millionar kroner.

Det blir ikkje mykje utviding, berre rundt 100 kvadratmeter, men skulen får ny kantine og nytt skulekjøkken til undervising, begge delar der det i dag er overbygd uteareal ved inngangen til felles-toaletta.

– Vi tar dette i tre trinn, trinn éin er førsteetasje, som vi startar på i oktober og som skal stå ferdig til våren ein gong. Andre etasje blir delt i to trinn, fortel Tor Inge Døsen frå Os kommune.

Medan arbeidet pågår skal nokre av elevane inn i midlertidige lokale.

2 + 4 nye klasserom

Brakker på skuleplassen, som også tidlegare har vore brukt som to midlertidige klasserom, skal bli tatt i bruk igjen.

I tillegg har Os kommune leigd areal hos Bøe & Lepsøy i Landboden og overtatt resten av Strønen Fargeservice sin leigeperioden der dei hadde butikk (gateplan). Her kjem fire klasserom, to i kvar etasje.

– No har vi rive veggar. I tillegg skal vi bygga rømningsveg på baksida ned mot elva, fortel tømrar Tore Valvik frå Byggmester Kjell Aarvik AS.

I tillegg til fire nye klasserom kjem nokre grupperom i lokalet ved Oselvo.

– Dei er heldige

Rektor ved Os ungdomsskule, Kåre Lutro, seier han synes dei er heldige, elevane som får klasserom ved Oselvo.

– Dei får rolege omgjevnadar på avstand frå byggearbeidet.

I starten er det seks klassar frå ulike trinn som skal flytta på seg, men Lutro seier planen er at klassane skal skifta på å vera i midlertidige lokale.

– I tillegg må vi kanskje ta omsyn til allergi, om noko får problem med at det er litt ekstra med støv i lufta under byggeprosessen.

Utanom dei seks midlertidige klasseromma kjem eit sjuande rom. Dette ligg på scenen i gymsalen, eit rom som skal isolerast og ny vegg skjermast med nett for å unngå at ballar skal uroa eventuell undervising i det som blir eit reserverom for Os ungdomsskule.

Valte entreprenørar i sommar

Anbodsrunden på opprustingsarbeidet var over før sommaren og Os kommune har valt følgjande handverkarar innan dei ulike faga:

Grunn og betong: Stoltz Entreprenør (som også hadde Oseana)
Tømrar: Dørmænen & Eide
El-installasjon: Sønnico (som også held på med nye Os brannstasjon)
Ventilasjon: Simm
Rør: Hjelme VVS
Sprinkel: Anders O. Grevstad
Maling: Malermester Hjelle
Golv: Øystein Tvedt
Sentralt styringssystem: EM Systemer

– Når dei tre trinna er ferdig står eit fjerde igjen, men det er ikkje med i denne pakken, fortel Døsen.

Det neste prosjektet, som kanskje blir tatt om 2-3 år, er utbetring av fasaden for å tilfredsstilla nye energikrav. Dette prosjektet vil truleg kosta rundt 10-12 millionar kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.