Sport | 03. juni 2010

Bygger solterrasse

«Alltid sommar i Osbadet» står det i annonsane. No blir det endå meir sommar i og rundt badet, også om somrane.

Bygger solterrasse
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. juni 2010 12:48

Osbadet KF vil bygga terrasse på eit planert område ut mot grasbanen, mellom Osbadet og klubbhuset.

- På fine sommardagar ser vi for oss at badegjestane våre vil setja pris på å gå utanfor og sola seg litt, seier dagleg leiar Leif Gunnar Borgen.

Bygningen har allereie dør direkte ut til der terrassen skal koma, ein nødutgang ved sida av stupebretta. No vil leiinga oppretta rutinar for badevertane for å styra også denne delen av trafikken inn og ut av badet.

Fleire terrassar og ny kafé
I tillegg til terrassen med utgang frå bassenget vil Osbadet bygga terrasse på den andre sida av bygningen, ut frå etasjen med konferanserommet. Dette for at dei som held møte i Osbadet skal kunna gå utanfor og lufta seg i pausane.

- Vi vil også laga til ein plass utanfor inngangspartiet, ved skulpturen, med sitjegruppe for dei som vil ta kaffikoppen med ut.

Kafeen skal dessutan byggast om. Her sit Osbadet på nye teikningar av noko som skal bli ein meir intim kafé, med mindre vestibyle-preg, betre eigna for servering.

Startar snart
Prosjekta har både vore handsama i styret, varsla til naboar og er byggemeldt.

- Streiken gjer nok at vi får litt seinare svar enn venta, men så snart dette går gjennom, og tømrarane er klare, så blir det byggestart.

Frå byggekassen
Tidlegare i dag skreiv vi at Osbadet har fått 3,5 millionar kroner i spelemidlar. Dette er ikkje midlar driftsselskapet har søkt om, men truleg midlar kommunen har søkt om og lagt ut for i høve bygginga av Osbadet. Verken styreleiar Tor Inge Døsen eller ordførar Terje Søviknes har i dag vore tilgjengelege for å kommentera dette.

Prosjekta Osbadet no har planar om skal gå frå ein annan pott. Då Osbadet sto ferdig og styret fekk oversikt over alle kostnadar med bygging viste det seg at det sto igjen nokre kroner.

- Vi har rundt 500.000 kroner som er vedtatt brukt til tiltak i denne kategorien som desse komande prosjekta, og det er desse midlane vi bruker no, fortel Leif Gunnar Borgen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.