Kultur | 31. okt. 2017

Bygger tak over grusplassen

Osfest planlegg tre store strech-telt på grusplassen neste år.

Bygger tak over grusplassen
Patrick Kanerua og Lars Blikstad Galaaen frå Content AS i Oslo var i duksregnet tysdag på synfaring saman med Tor Egil Hylland på grusplassen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 31. okt. 2017 13:48

Tysdag var Patrick Kanerua og Lars Blikstad Galaaen frå Content AS i Oslo på synfaring på grusplassen saman med festivalsjef Tor Egil Hylland for å planlegga plassering av tre strech-telt (også kjend som Afrika-telt, beduin-telt, fleksible seil) for neste års festival.

– Dette er ganske nytt i Noreg og vi har lyst til å vera litt framoverlente og vidareutvikla oss. Med desse telta, eller segla om du vil, kan vi tilby ein tørr festival utan å ta utsikten mot scenen, fortel Hylland.

Sitteplass til vel 400

Telta vil i første omgang bli på langsida mellom minneparken og ungdomsskulen.

– Vi ser for oss to på 10 x 15 meter og eitt på 8 x 10 meter. Totalt omlag 380 kvadratmeter.

– Det vil gje plass til vel 400 sitteplassar om vi ønskjer det. I første omgang så vil det bli telt på VIP-området, men om førehandssalet også på vanlege festivalpass går bra, så er det aktuelt også å setta opp tilsvarande på andre sida, slik at også dei utan VIP-billett får tak over hovudet, seier festivalsjefen.

Inspirert frå festivalar i Europa

Kanerua og Blikstad Galaaen, som har tatt turen over fjellet i el-bil for å synfara grusplassen fortel at ideen kom gjennom ein kompis i Belgia.

– Han har drive med dette ei stund. Strech-telta er duker som vi spenner opp ved hjelp av stenger. Det gjer dei veldig fleksible og vi kan forma dei akkurat som vi vil.

– Der borte ved skråningen kan vi til dømes la det gå ned på skrå i bakkant, så ein kan få eit "lounge-området" med tepper og liknande i bakken, så kan vi la det vera meir ope opp mot scenen og ut mot plassen, forklarar dei to.

Løysinga er mykje brukt på festivalar andre stader i Europa, men relativt nytt i Noreg.

– Vi kjøpte inn dei to første telta før denne sesongen.

kan vera ute, men inne

I duskregnet på Os tysdag skjønte dei fort kvifor Hylland hadde tatt kontakt.

– Fordelen med denne fleksible løysinga er at ein kan ha opplevinga av å vera ute, samstundes som ein er inne under tak.

– Vi har sjølv drive litt med festivalar og slikt og var på jakt etter ei betre estetisk løysing enn dei tradisjonelle telta. Det meiner vi at vi no kan levera. Samstundes så tåler dei ein god del vind.

Osfest 2018 blir arrangert 10. - 12. august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.