Bygger'n vil tilbake til Os
På ei fem mål stor tomt i Industrivegen vil Bygger'n-eigar E. A. Smith AS bygga butikk og trelast.
E A Smith AS, som blant anna eig Bygger'n-kjeda og Hiba Hus, har søkt Os kommune om rammeløyve i Industrivegen.
På ei 4,9 mål stor tomt, som dei etter det Midtsiden kjenner til har skrive leigekontrakt på, vil E. A. Smith AS bygga butikk og trelast med ei grunnflate på 1400 kvadratmeter.
– Det stemmer at vi ønskjer å etablera oss i Os, seier administrerande direktør i E. A. Smith AS, Christina Kjeldsberg.
Framdrift og kor tid dei har mål om å opna, kan ho førebels ikkje seia noko om.
– Det er for tidleg å seia. Men vi håper å veta meir i løpet av dei to neste vekene.
Var i Os i 13 år
I slutten av 2011, etter 13 år som Bygger'n-butikk, valte Os Byggsenter AS å gå over til XL Bygg-kjeda, gjeldande frå mars året etter.
Os Byggsenter, som i haust blei selt til Montér-eigar Optimera, hadde då vore i Bygger'n-kjeda i 13 år.
Frå 2005 til 2007 auka Os Byggsenter, som Bygger'n, frå 35 til 62 millionar kroner i omsetnad. I 2011, i sitt siste år som Bygger'n-butikk var omsetnaden på 55 millionar kroner.
Butikk, trelast og utandørs lager
I sin søknad om rammeløyve ber E. A. Smith AS om å få bygga eit næringsbygg på to etasjar med fotavtrykk på 1400 kvadratmeter.
I tillegg kjem parkeringsplassar og inngjerda, utandørs lager.
Søkjar har plan om todelt inn- og utkjøring, der kundar og tilsette kjører inn i nordre hjørne av tomta og ut i sør.
I tillegg til Montér blir Bygger'n, om etableringa går i orden, nabo med Flåten Bygg AS i Industrivegen.
Om Bygger'n:
Bygger'n er ein landsdekkande byggevarekjede med cirka 100 butikkmedlemmar frå Kristiansand i sør til Vadsø i nord.
Kjedekontoret blei etablert i 1991.
Samla omsetnad i 2012, i sisteledd, var på 3,9 milliardar kroner.
Bygger'n Norge, kjedekontoret, er eigd av E. A. Smith AS.