Kultur | 01. okt. 2010

Byggestopp i fem veker

Opning av Irish Cat skjer tidlegast i midten av november.

Byggestopp i fem veker
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. okt. 2010 20:54

Den nye utestaden som er under bygging i Fagerthun-huset i Os sentrum kjem ikkje til å opna i midten av oktober som planlagt.

- Ein lekkasje i taket sette ein stoppar for resten av byggeprosessen, seier medeigar Espen Risti.

Oppdaga for lenge sidan
Det er fem veker sidan lekkasjen blei oppdaga og fem veker sidan det blei gjort noko byggearbeid innandørs.

- Eg fekk ikkje veta om dette før det var gått nokre veker og det har dessverre gått lang tid å reparera lekkasjen i taket.

Lekkasjen er det huseigar som har tatt seg av. I mellomtida har Irish Cat sine folk venta med arbeidet med innreiinga.

- Alt blei vått
Leigetakarane skulle skifta tak innvendig, men måtte sjølvsagt venta med dette.

- Lekkasjen var så omfattande at vi heller ikkje kunne legga golv eller halda fram med andre delar av innreiinga.

Må venta til november
Det var først meininga at Irish Cat skulle opna i juli. Feil i teikningane gjorde at byggeprosessen måtte utsetjast, så blei september og seinare oktober nye datoar for opning.

- Taket skal no vera tett. Eg skal opp og sjekka forholda på måndag, og håper arbeidet kan gå for fullt frå starten av veka av.

- Det tidlegaste vi kan klara no er midten av november, seier Espen Risti.

- Betyr lite
Risti bekymrar seg ikkje for tapte kroner som følgje av utsett opning.

- Det betyr lite i det lange løp, vi skal ha ope i mange år. No er søknaden om skjenkeløyve, som vi var seine med å senda, på plass i rådhuset, så vi får satsa på å ha alt klart til sjølve lokala er ferdige.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.