Bygginga av den nye Inka-fabrikken er i gang

Dette blir milepælane for storprosjektet i Gjelevika.

Arbeidet med ny fabrikk til Inka er i gang. I september kjem betongveggane til første etasje. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. juli 2019 14:12

Bildeserie:

Bygginga er i gang. Fabrikken skal vera i drift sommaren 2020. (Foto: KVB)
Frank Yri frå Seaborn og Karsten Austevoll i Brussel i mai. (Foto: Aslak Berge, iLaks.no)
Fabrikken blir 12,5 meter høg, men blir plassert i eit dalsøkk. (Ill. HTB)
Inka sin prosjektleiar, Kjetil Løvaas, i Brussel. (Foto: Aslak Berge, iLaks.no)
Bygginga er i gang. Fabrikken skal vera i drift sommaren 2020. (Foto: KVB)
Frank Yri frå Seaborn og Karsten Austevoll i Brussel i mai. (Foto: Aslak Berge, iLaks.no)
1 av 4
Frank Yri frå Seaborn og Karsten Austevoll i Brussel i mai. (Foto: Aslak Berge, iLaks.no)
Fabrikken blir 12,5 meter høg, men blir plassert i eit dalsøkk. (Ill. HTB)
Inka sin prosjektleiar, Kjetil Løvaas, i Brussel. (Foto: Aslak Berge, iLaks.no)
Bygginga er i gang. Fabrikken skal vera i drift sommaren 2020. (Foto: KVB)

Tysdag 7. mai, under Seafood Expo Global i Brussel, fortalte Karsten «Kakki» Austevoll og Inka om ny storkontrakt med milliardeksportøren Seaborn og, i samrbeid med den børsnoterte islandske utstyrsleverandøren Marel, bygging og innreiing av Europas mest moderne fiskeforedlingsfabrikk.

• Les òg: Inka fekk milliardkontrakt - bygger fabrikk på 5.500 kvadratmeter

I plan- og bygningsutvalet 13. juni blei både nybygg og igangsetjingsløyve godkjent.

– Prosjektet er i rute, med mål om ferdig fabrikk til sommarferien 2020, seier Karsten Austevoll til Midtsiden.

Bygget blir reist som nabo til dagens fabrikk på Røtinga i Søre Øyane.

Lang og tung transport i september

Betongarbeidet starta i juni. Allereie i september byrjar fabrikken å reisa seg.

– Betongveggane til første etasje kjem i veke 36. Vi vurderte å ta dei sjøvegen, men dei kjem med bil, seier prosjektleiar hos Helgesen Tekniske Bygg AS, Tonny Hjertås.

HTB er hovudentreprenør. Betongleverandør er Multi Entreprenør AS ved Atle Døsen frå Os, også andre lokale handverkarar kan bli valte til å delta i det store prosjektet.

– Vi er ikkje heilt i mål med å velja underleverandørar enno, men vi er i forhandlingar. Fleire firma frå Os er med i forhandlingane, seier Hjertås.

High tech-montering til våren

HTB har bygd fleire større næringsbygg, også for sjømatindustrien, tidlegare.

Fabrikken til Inka blir truleg tett på nyåret i 2020. I mars-april kjem Marel til Os for å byrja installera produksjonslinjene.

– Dette er det mest spennande fasen i mine auge, seier Inka sin prosjektleiar, Kjetil Løvaas.

Det er teknologisk avanserte produksjonslinjer frå Marel som skal vera ryggraden i satsinga. Desse skal produsera 40 tonn per skift, skreiv iLaks.no etter lanseringa i Brussel.

Tredobla kapasitet

I dag produserer Inka AS rundt 6000 tonn i året. Kapasiteten på den nye fabrikken blir 18.000 tonn.

I ny kontrakt er Inka garantert 13.000 tonn i året, noko som har danna grunnlag for storsatsinga.

Avtalen tilsvarar ein omsetnad på 250 til 300 millionar kroner i året, og minst 2 milliardar i første del av kontraktsperioden.

Kontrakten går over 8 år med 4 + 4 år opsjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.