Byggjer baner og lag
Søre Neset er snart ferdig med sandvolleyballbane nr to. No vil dei starta U15 og U13 lag innandørs.
Under europacupkampen mellom Viking og Fakel Novy i Haukelandshallen sist veke fekk primus motor i Søre Neset, Geir Lepsøe, velfortent heider då han blei tildelt volleyballforbundet sitt sølvmerke.
Heideren til trass, volleyball-eldsjelen og dei andre i volleyballgruppa til Søre Neset IL ligg ikkje på latsida.
– I dag har vi to damelag (2. og 4. divisjon), eitt herrelag (3. divisjon) og eitt U17 lag som i førre spelerunde sikra seg opprykk til 2. divisjon. No gjer vi ein innsats for også å få starta yngre lag i U15 og U13, fortel Lepsøe under treningane for herre- og damelaga i Nore Neset aktivitetshus måndag ettermiddag.
I gang med treningane
Klubben har gått ut med informasjon på Lunde og Nore Neset barneskule, men har ikkje foreløpig fått den heilt store responsen.
– Vi har starta med treningar for U13 i gymsalen på Lunde barneskule på fredager mellom 16 og 18. Førebels er vi ikkje meir enn tre jenter, men eg håpar jo at det er fleire som har lyst til å vera med oss. Det er berre å møta opp, seier Lepsøe, som saman med Mari Skogland er trenar for dei yngste.
– Vi har òg eit ønskje om å få til eit U15 lag, men førebels har vi ikkje satt opp treningstider for desse. Om det er nokon som har lyst å byrja, så er det berre å ta kontakt, så startar vi opp.
– Det gjeld forsåvidt om det er nokon som har lyst til å vera med og trena med dei etablerte laga våre òg. Damene trenar måndag klokka 18 på Nore Neset og torsdagar klokka 18 i Oshallen. U17-jentene trenar saman med damene på torsdagane og har eiga trening på Lunde på onsdagane klokka 17. Det same gjeld herrane. Dei trener samstundes med damene på måndager og torsdag kveld klokka 2030 på Lunde. Både gutar og jenter er hjarteleg velkomen, reklamerer volleyballnestoren.
To baner på tre år
Det er ikkje innandørs volleyballgruppa legg ned ein ekstra innsats. I 2014 sto sandvolleyballbanen ved Lunde barneskule ferdig (banen blei seinare flytta i samband med utvidinga av skulen, journ.mrk). No er Lepsøe og co i gang med ein ny bane på Halhjem.
– Ringmuren er på plass. No ventar vi berre på at dei fire meter høge gjerda skal komma på plass, før den blir fylt med sand. Vi må vera ferdig med det arbeidet før kunstgraset på den nye sjuarbanen skal leggast. Banen blir eitt nivå opp i forhold til den nye fotballbanen, fortel Lepsøe, som gjev honnør til fotballgruppa i idrettslaget for den innsatsen dei har vore med å legga ned på dugnad med den nye sandvolleyballbanen.
– Håpet er at begge banene blir brukt av folk som har lyst til å prøva volleyball og spela mot vener og kjente. Dei står opne og til fri bruk. På banen ved Lunde har vi hatt opp mot 20-25 ungdommar samstundes på fine sommardager.
– Dei har styrt på og organisert lag og kampar heilt på eigen hand. Det klarar dei heilt fint , vi må berre legga til rette for dei med anlegg. Banar skaper aktivitet, slår Geir Lepsøe fast med eit smil.