Lokal | 05. mai 2015

Byggjer veg med helikopter

E39 Svegatjørn-Rådal: Dei første synlege teikna på nyevegen er på plass. – Vi måtte nytta helikopter for koma til i Endelausmarka, fortel Geir Brekke.

Byggjer veg med helikopter
Vegvesenet nytta helikopter for å få montert fastmerka i Endelausmarka. Merket til høgre i bilete (foto: Jostein Hårklau, Statens Vegvesen)
Andris Hamretirsdag 05. mai 2015 08:20

17 søyler på omlag halvannan meter er dei første synlege teikna på nyevegen mellom Os og Bergen. For at entreprenørane og vegvesenet skal vera sikre på traseen har ein i vår motert såkalla fastmerker i terrenget.

– Merka skal nyttast ved geometrisk innmåling og stikning for entreprenørane, som får oppdraget med å byggje vegen.

– Også Vegvesenet sine eigne kontrollørar treng merka i sitt arbeid. Fastmerke blir sett opp for å ha eit einsarta grunnlagsnett på heile vegstrekninga gjennom heile byggjeperioden, forklarar Geir Brekke, kommunikasjonsrådgjevar i Statens Vegvesen Vest.

Kan bli ståande

Bruk av fastmerka er rutine ved vegbygging. Dei 17 merka er plassert på høgdedrag langs traseen mellom Os og Bergen.

– Ein kan sjå slike merke også i ettertid på ein del veganlegg. Normalt er det grunneigarane som avgjer om dei vil ha merka fjerna eller ha dei ståande etter at vegprosjekta er ferdige og vegen opna for trafikk.

Nytta helikopter

For å plassere ut merkene i Endelausmarka måtte vegvesenet nytta helikopter.

– Vi fekk ei ekstra utfordring med bygging av dei tre merka i Endelausmarka.

– Her er det ikkje råd å koma fram med køyretøy før anleggsvegar blir bygd seinare, som ein del av entreprisen. Det blei difor nytta helikopter for å få fram materiell og utstyr til bygging av fastmerka, fortel Brekke.

Fleire av fastmerka er synlege for fotgjengarar, til dømes på gangvegnettet i Rådal og ved Skeievatnet i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.