Kultur | 17. nov. 2009

Byr opp til dans

Det blir stjernespekka både på vokal og i orkesteret når Helge Nilsen i slutten av november byr opp til dans på Nore Neset.

Byr opp til dans
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. nov. 2009 10:32

Bildeserie:

1 av 4

Det var fullt i Nore Neset Aktivitetshus då Helge Nilsen og Rune Larsen med venar spelte konsert under Nore Neset Dagane. No kjem Helge Nilsen tilbake, med fleire nye venar, og då skal folk opp av stolane.

- No er det dans, og eg har med meg mange som kan vera med på å skapa stemning og god dansemusikk, seier Helge Nilsen til Midtsiden.no.

På vokal har han blant anna med seg Kim Kolstad kjent frå Hotell Cæsar og Anita Hegerland, som etter 40 år som artist har selt over 6 millionar plater.

- Eg blei kjent med Kim under ein Tom Jones-hyllest på Banco Rotto. Han syng blant anna Jones, Elvis og Outkast, ein kul fyr å ha med seg meiner Nilsen.

Hegerland treng kanskje ikkje nærmare presentasjon. I 1970 gav ho ut singlen «Mitt Sommarlov», som niåring. Den gjekk til topps på VG-lista, og låg der i to veker. Året etter (1971) gav ho ut singlen «Schön ist es auf der Welt zu sein» i Tyskland saman med tyskaren Roy Black. Singlen blei selt i to millionar eksemplarar. Anita har også deltatt i Melodi Grand Prix fleire gongar.

- Dette blir ein god dansekveld for dei frå slutten av 20-åra og oppover trur Helge Nilsen, som også i år har med seg Linda Ekeland og Janneche Nielsen Friesen.

Jannecke held på med nytt album i Canada, Linda er i tillegg til artistkarriera nyleg tilsett i NRK. Saman utgjer dei duoen Dark Horses".

Orkesteret:
Osingen Magne Lunde på trommer (kjent frå blant anna Saft)
Egil Skjelnes og Dag Wolf på steel-gitar (desse er i verdsklasse)
Vidar Lidtun på keyboard (fast pianist for Tor Endresen i ei årrekkje)
Morten Skage på bass (fast bassist for Sondre Lerche og fleire andre kjente norske artistar)
Jon Martin Skauge på elgitar og akustisk gitar (frå Mykking, spelar elles i gruppa Gunslingers)
Bjørn Tore Aasheim (spelar i Heimalanne´ og er fast i bandet til bluesartisten Magnar Bernes).

"Kom ... Dans med oss" inviterer Helge Nilsen, i Nore Neset Aktivitetshus laurdag 28. november.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.