Byr på frukost – utan invitasjon
Frukost med næringslivsrepresentantar har vore populært dei siste åra. Men invitasjonen til møtet torsdag blei liggande på pc-en.
Torsdag morgon inviterer Os kommune (nesten) til frukost.
– Invitasjonen er skriven. Problemet er at misforståing internt på rådhuset har ført til at denne ikkje blei sendt ut, fortviler ordførar Terje Søviknes.
Oppunder 100 deltakarar frå ulike bransjar har deltatt på møtet dei siste åra.
Søviknes håper, trass glippen med invitasjonen, på tilsvarande oppslutnad i år.
Os kommune spanderer frukost og byr på eit møte med samferdsle, plan og bygg på programmet.
Under følgjer invitasjonen - med adresse for påmelding, som no har fått utsett frist til og med i morgon, tysdag.
NÆRINGSFRUKOST 2014 - invitasjon til møte 10.april
I tråd med etablert praksis inviterer Os kommune med dette til Næringsfrukost 2014 i Oseana kunst- og kultursenter torsdag 10.april kl 0800-0930.
Hovedtema for dette møte vert status for E39 Os-Bergen, Ferjefri E39, Kommuneplanen for Os, Lyseparken, Prosjekt «Liv på Øyro» og informasjon om større infrastrukturtiltak i Os.
PROGRAM
Kl 0800 Frukost i regi av Oseana Kafè & Restaurant
Kl 0815Velkommen v/ordfører Terje Søviknes
Kl 0820Samferdsel
- E39 Svegatjørn-Rådal
- Fergefri E39 Hordfast
Kl 0830Kommuneplanprosess – Os mot 2030 v/plan- og utviklingssjef Aina Tjosaas
Kl 0840Prosjekt Lyseparken Næringsområde v/utviklingsdirektør Fredrik Seliussen
Kl 0850Prosjekt «Liv på Øyro»
- kort om Stedsanalyse og mulighetsstudie for Osøyro v/ordfører Terje Søviknes
- delprosjektet «Bydraget» og «Parkeringshus» v/ordfører Terje Søviknes
- utbyggingsprosjektet «Baronsgården» og «Kvartalet» v/prosjektleder Fredrik Seliussen og daglig leder Os Bygg og Eigedom AS Ottar Randa
Kl 0910Os i utvikling – nytt fra prosjektavdelingen v/prosjektsjef Tor Inge Døsen
Kl 0920 Åpen post
Kl 0930Avslutning
Kvar bedrift kan stilla med fleire deltakarar, men av omsyn til bestilling av mat ber vi om påmelding innan tysdag 8. april (ny dato) til Gunvor Heggland på tlf. 56 57 50 20 eller gsh@os-ho.kommune.no.