Byrådet tilrår planen
Byrådet i Bergen tilrår planen for E39 Svegatjørn-Rådal. - No gjenstår komite- og bystyrehandsaming, så er vi eitt seg vidare, seier Terje Søviknes.
Nye EU-krav gjorde at løysinga for tunnel og kryss i Rådalen gjorde at den vedtekne reguleringsplanen frå 2006 måtte gjerast om og vedtekast på nytt. Torsdag gjekk byrådet i Bergen inn for den nye reguleringsplanen.
- Vi hadde jo håpa at Bergen hadde blitt ferdige før sommaren, men har respekt for prosessane.
- No satsar vi på at planen er ferdighandsama i bystyret i september slik at vegvesenet og departementet kan fullføra Kvalitetssikringspakke 2 (KS2), seier Terje Søviknes (Frp), ordførar i Os.
I rute
Vedtaket i Bergen er viktig i høve til at dei sentrale mynde skal få gjort seg ferdige og får sendt reguleringsplanen til stortinget for endeleg handsaming og løyve av midar.
- Vedtaket i byrådet tyder på at vi er i rute.
- Kvart positive vedtak er ein milepæl i prosjektet. Dette lovar bra, meiner Søviknes.
Oppstart 2013
I juni skreiv Midtsiden om ein viss frustrasjon lokalt etter uklare signal frå sentralt hald.
- Finansdepartementet hang seg opp i det manglande vedtaket frå Bergen, medan Samferdselsdepartementet signaliserte at det ikkje skulle stoppa framdrifta.
- Det er denne reguleringsendringa som har bidrege til den største forseinkinga i prosjektet. At den omteikna løysinga i Rådalen no ser ut til å bli vedteken lokalt gjer at vi er tilbake på tidsplanen med oppstart i 2013, avsluttar Søviknes.