Kultur | 04. okt. 2012

Byter scene

Oseanadirektør Kim Kristoffersen har sagt opp stillinga si. Frå 1. januar byrjar han i Bergen Live.

Byter scene
 Når Kim Kristoffersen kjem til Oseana over nyttår er det gjerne for å ta eit glas i solveggen på Færingen eller som leigetakar av Oseana (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 04. okt. 2012 06:44

Kristoffersen var den første som blei tilsett i driftsselskapet til Oseana KF i mai 2010. No, vel to hektiske år seinare, byter han scene i det han går til konsertarrangøren Bergen Live.

- Eg vil nytte høve å takke for ei fantastisk tid her på Os.

- Å få vera med på å byggje opp driftsselskapet til Oseana KF har gitt meg utruleg mykje læring, glede og inspirasjon. Oseana har eit enormt potensiale, både som arena for scenekunst, men òg for utleige til konferansar og events, seier Kristoffersen som ikkje ser bort frå at han kjem tilbake som leigetaker med Bergen Live.

Større opplevelser til Bergen

Kristoffersen er tilsett i ei ny stilling i Bergen Live for å styrke markedsarbeidet slik at Bergen Live kan gje publikum ei enno betre og større oppleving.

- Vi er glade for å få Kim med på Bergen Live-laget. Hans erfaring med å etablera Oseana som eit viktig kulturhus i regionen, samt tidlegare erfaringar frå event- og servicebransjen vil gje oss verdifull erfaring og kompetanse, seier Frank Nes i Bergen Live.

Eit stort tap

Ordførar, og styreleiar for Oseana KF, Terje Søviknes meiner det er tapet av Kristoffersen som direktør for Oseana er noko ein må forventa når ein rekrutterar dyktige og attraktive medarbeidarar til jobbar i kommunen.

- Kristoffersen har gjort ein kjempejobb i oppstarten av Oseana, og lagt et godt grunnlag for den vidare driften av kunst og kultursenteret, avsluttar Søviknes som no skal i gang med å rekruttera ny direktør til Oseana KF.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.