Sport | 14. des. 2009

Canadisk slede på veg

Zipfy er liten og lett, men robust og lettstyrt. No har den canadiske sleden kome til Noreg og Os.

Canadisk slede på veg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 14. des. 2009 11:00

Bildeserie:

1 av 2

Den ser kanskje ut som eit rumpeakebrett med styrepinn, men Zipfy er nok enklare å få styringa på enn kva du skulle tru.

- Den har skjener på undersida, anti-skli sete og front med form som hjelper deg å halda beina opp av bakken. Med robust form og styrepinn får du god kontroll på svingane, denne er lett å bruka både for ungar og vaksne, seier Jack Nilsen, dagleg leiar i Spectra Norge AS, som har agenturet på sleden.

Zipfy er ei fersk, canadisk oppfinning, ein liten freestyle-slede på berre 1,6 kg.

− Zipfy er ny, men blei fort ein suksess. Ved fleire av dei store alpinanlegga blir det arrangert konkurransar i slalåmbakkane, folk leiker seg også i nysnøen med sleden, seier Nilsen.

Sleden er på veg ut til sportsbutikkane, førebels berre utvalde MX Sport-butikkar. Butikken på Os er ein av dei.

Under bilda kan du sjå videosnutt av Zipfy i bruk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.