Divaldo Cardoso for Øystese mot Lysekloster i går. (Foto: Wim Hetland)

Cardoso har gått til Øystese igjen

Etter 2,5 sesong på Os spelte Divaldo Cardoso i går for Øystese mot Lysekloster.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Då det midt i 2016-sesongen blei klart at Øystese ikkje ville klara topp 4, som grunna avdelingsomlegging i toppfotballen var naudsynt for å halda seg i 3. divisjon, fekk portugisiske Divaldo Cardoso lov å gå til Os, som heldt seg gjennom sesongen.

I 2017 rykte Os ned frå 3. divisjon og Øystese opp frå 4. divisjon. No har Cardoso gått til Øystese igjen.

– Vi har god dialog med Øystese. Dei tok kontakt og spurde om det var mogleg å få han tilbake, fortel dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Cardoso sin overgang kom i orden fredag.

Kan koma tilbake over sommaren

Portugisaren blir buande i Os og skal truleg trena med Os ein dag eller to i veka.

– Vi har godt belegg i forsvar. Vi vaksnei bakre rekke er skadefrie og ungdomane som har spelt til no klarer seg veldig godt, derfor let vi han gå, seier høgreback Brenne.

– Men vi er einige om at vi får han tilbake på tampen om sommaren om det skulle oppstå noko som gjer at vi treng han tilbake.

Divaldo spelte 20 kampar for Øystese i 2014 og 25 i 2015 før han etter halvspelt sesong i 2016 kom til Os.

I fjor spelte han 28 kampar for Os, i år har det blitt åtte kampar fram til han, etter 4-1-sigeren over Sund, blei skadd.

Fleire saker