Næringsliv | 17. feb. 2011

Center for skreddarsøm

Kva med ein 45 fot lang RIB frå Askeladden? Nystarta Askeladden Center fyller demobryggene og byr på båtar som kan tilpassast svært ulike ønskjer.

Center for skreddarsøm
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. feb. 2011 13:41

Askeladden Boats AS tar fire båtar over i ein serie dei kallar Custom Line, og sel desse frå nyoppretta Askeladden Center i Askvik.

– Alle Askeladden-forhandlarane kan selja desse båtane, men sidan dette er modellar med eit så stort spenn av motor- og utstyrsalternativ, startar vi med full utstilling i eige senter. Vi reknar med at mange av kundane vil ha særskilte behov, og derfor bestilla båt med eit handplukka utval av motor og utstyr, i staden for å kjøpa frå utstillinga, seier Henrik J. Askvik.

Custom Line er ein serie båtar som rettar seg både mot både fritidsmarknaden, «vidarekomne» båtfolk og den profesjonelle marknaden. Serien består av Commuter 8, Commuter 10 RIB, Custom RIB og C84 Voyager, ein båt som ikkje er mykje ulik den tidlegare Askeladden Z8.

Fyller bryggene

Båtane i serien startar på 600.000 kroner, som dei minste rib-ane kostar, til over 1,6 millionar kroner for Commuter 10 RIB. I utvalet er også RIB-ar på opptil 16 meter, blant motoralternativa er også vassjet.

– Vi etablerer Askeladden Center i samarbeid med Båtens Beste på kaien i Askvik. Båtens Beste er ein forhandlar med både innreing-, plast- og motorverkstad, no fyller vi bryggene på Askvik med ein serie båtar til vising og demokjøring.

Askeladden-fabrikken har i lengre tid hatt delar av produksjonen i Polen og Slovenia. Hos Model Art i Polen held samarbeidet fram med selskapet Parker, som blant anna sel RIB til proffmarknaden.

– For Custom Line-modellane har vi eit endå tettare samarbeid med både kundane og designarar. Samarbeidet med Parker gjer at vi får mykje kompetanse frå proffmarknaden over til Askeladden, no kan vi for eksempel selja ein over 40 fot lang Askeladden RIB til brannvesen eller dykkarfirma, båtar basert på velutprøvd teknologi i den europeiske marknaden, seier Henrik J. Askvik.

Med ekspertpanel

Avdelinga er bemanna med spesialister frå fabrikken, og vil kunna gje svar på spørsmål om alle aktuelle opsjoner for Askeladden Custom Line-båtar, frå enkelt navigasjonsutstyr til fullstendig yrkestilpassing for «heavy duty»-bruk innan sjøredning, politi, fiskeoppdrett, inspeksjon, dykking og liknande.

Samtlege båtar i programmet er også tilgjengelege for prøvekjøring året rundt.

Askeladden har tilsett Kjetil Bjøringsøy som salssjef for avdelinga. Bjøringsøy er ein kjent figur i båtmarknaden ig har lang fartstid innan formidling av nye og brukte båtar.

Teknisk ansvarleg er Tore Svendal, som i 8 år har hatt ansvaret for vidareutvikling og oppfølging av Askeladdens Commuter-produksjonen.

Svendals sitt ansvar blir teknisk rådgjeving og oppfølging av kvar enkelt produksjon.

Desse båtane inngår i Askeladden sin CustomLine-serie:

• Commuter 10 - overbygd RIB designa for fart og tung sjø
• Commuter 8 - ein båt til bruk i alle typar vêr - året rundt
• P65 RIB - eit arbeidsverktøy for proff bruk
• C84 Voyager - i særklasse blant opne cruisarar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.