Næringsliv | 27. okt. 2011

Coop starta krig

Reklameskilt blei slengt i grøfta og kaffiprisane stuper.

Coop starta krig
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. okt. 2011 12:20

– Det var Coop Extra som starta kaffikrigen, hevdar Rema-kjøpmann Trond Hope, som på ny set ned prisen på sekspakning med Friele-kaffi.

Coop Extra opna på AMFI Os i dag og kjeden har som mål å vera billigast. Det same har Rema 1000.

– Vi sleng oss ikkje på alle opningstilbod, men Friele-kaffi var vi suverent billigast på frå før, så den er litt vår.

Medan enkelte kjedar tok nærmare 150 kroner for ein 6-pack med Friele kaffi låg Rema 1000 på 124 kroner. Så kom Coop og sette ned prisen og Rema følgte på. Nett no får du sekspakningen for under 70 kroner!

– Alle vil tapa litt

Hope seier han ikkje fryktar den nye konkurrenten, men trur Coop Extra vil stela litt kundar frå alle kjedane i Os.

– Det blir ikkje fleire kundar om det kjem fleire butikkar, så alle vil nok tapa litt.

– Men vi heng oss ikkje spesielt opp i kva Coop, eller Samvirkelaget som eg liker å kalla dei, finn på. Vi justerer oss etter alle i marknaden, bortsett frå enkeltstunt som varer nokre få dagar. Det viktigaste for oss er at vi over tid ligg stabilt med dei lågaste prisane.

Skilt hamna i grøfta

Ein Midtsiden-lesar kontakta redaksjonen då ho i dag observerte ein frå Rema 1000 som kom berande på eit skilt frå Coop Extra.

– Han la det i grøfta, fortel kvinna, som tok bilde og sendte til redaksjonen.

– Eg kjenner ikkje til denne episoden, så det kan eg ikkje kommentera. Men om Coop har plassert reklameskilt ved parkeringsplassen vår så er dei sikkert ikkje overraska om vi har lagt det ned.

Då Kiwi opna ny butikk på Moberg i desember i fjor hadde Rema 1000 kjøpt reklameplass på ein låvevegg rett ved butikken.

– Eg er klar over at eg sit i glashus når eg ikkje aksepteter konkurrentar sin reklame utanfor våre butikkar, men det er forskjell på å leiga ein reklameplass og å setja opp ein bukk utanfor andre sin butikk. Med det går sport i det oss kjøpmenn imellom, internt er dette noko vi har det litt gøy med, ler Trond Hope.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.