Frå Oslo til Os - Malene Markussen stod på scenen på Hanne's på fredag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Då Malene frå Oslo skulle spela på Os

Kva skjer om du dreg til Os for å spela «norwegian emotional pop» på ein langfredag?

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

– Eigentleg skulle eg spela ein konsert i Bergen i morgon, men den vart avlyst. Dei hadde visstnok gløymt at dei var stengt for ombygging i påsken. Eg valde uansett å ta turen over til fjellet for å spela konserten som var booka i Os.

Dette fortel Malene Markussen. Tidlegare song ho i rockeband, no står ho på eigne bein.

– Det er jo mykje enklare å berre vera éin i bandet; eg bestemmer alt, og det er mindre å drassa på, seier ho med ein god dose dårleg skjult ironi.

Den ukjende påskeartisten

På fredag skulle Markussen syta for den musikalske underhaldninga på Hanne’s.

Gjennom påsken hadde utestaden eit tettpakka program for dei som er glade i musikk. Dei fleste namna på plakaten var «gamle kjenningar», men Malene Markussen var nok for dei fleste ukjend.

– Kva visste du om Os før du kom; eller måtte du googla oss litt?

– Eg skal innrømma at eg visste heller lite. Eg fann ut at Os var ein stad utanfor Bergen, og så googla eg spelestaden litt. Resten tek eg som det kjem.

Markussen sin musikk vert skildra som intim og emosjonell, og skiftande mellom det dramatiske og minimalistiske. I 2016 gav ho ut debutplata «Aldri I Ro», til gode kritikkar.

Spent på mottakinga

Markussen fortel at ho rettar seg mot eit ungt vaksenpublikum, og før konserten på Hanne’s er ho spent om ho vil treffa blink i i ei vestlandsbygd.

– Eg har allereie gjort ein del spelejobbar på kafear og i kyrkjer, men akkurat kva som kjem til å skje her i kveld er eg ikkje heilt sikker på.

– Eg kjem uansett til å gjera mi greie, og eg vert ikkje stressa om dette ikkje skulle slå heilt an.

Motbakke med løn

Litt over klokka halv elleve går Markussen på scenen. Om lag 10-15 gjestar er til stades, men dei færraste får med seg at musikken no går frå spelelister til ein vassekte musikar.

I ein god time serverer Markussen låtar frå debut-plata, og nyare låtar som skal vera på neste plate, som kjem i mai.

Med ein botnsolid stemmeprakt, og ved hjelp av musikk på ein lap-top, verkar Markussen upåverka av at dei fleste pratar i munnen på henne - i låtane, og mellom låtane.

Etter ei ekstra fengande låt får Markussen selskap av eit godt vaksent par som no planlegg å dansa swing framfor scenen. Kulturkollisjonen tek ho på strak, og neste låt er jo ein ballade, så det vert ikkje swing-dans til norsk emosjonell pop likevel.

Eg spelte for dei som høyrde etter

Etter konserten smiler Markussen framleis som ei sol.

– Eg skal innrømma at det til tider var litt motbakke å stå på scenen, men eg skrudde berre volumet høgare etterkvart. Samstundes såg eg at det var nokre som høyrde etter, og då fokuserte eg på dei. Dette er ein del av det å vera musikar, og det å nå ut til nytt publikum. Av og til må du jobba ekstra hardt, men dette er min lidenskap, og då skal eg levara 100 prosent, sjølv om det til tider vert utfordrande.

Før Markussen hastar vidare til hotell i Bergen og togtur heim til Oslo dagen etter, kjem ein publikummar bort til henne;

– Dette var utruleg bra, og du har ei flott stemme. Takk for opplevinga!

Fleire saker