Njåstad, Framnes, Bahus og Dale møtte pressen på Halhjem ferjekai i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Dale på turné i Os

Samferdsleministeren starta med Hordfast, og held fram med å besøka Os vgs og Svegatjørn-Rådal-prosjektet.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) besøker Hordaland i dag. Besøket starta på Stord lufthamn, der statsråden møtte lufthamnsjef Jan Morten Myklebust, før turneen heldt fram med ferje frå Sandvikvåg til Halhjem.

På ferja orienterte Signe Eikenes, prosjektleiar i Statens vegvesen, om Hordfast, Stord-Bergen og fjordkryssing.

Før Midtsiden slår følgje til Os vidaregåande skule, der Dale får omvising og informasjon om yrkessjåfør-, anleggsteknikk- og anleggsmaskinmekanikerlinja, og vidare til synfaring på E39 Svegatjørn-Rådal, fekk vi ein prat på Halhjem ferjekai.

– Kva var målet med første del av turen?

– I hovudsak å sjå traseen som skal erstattast av bru, sjølv om eg kjenner denne frå tida mi som statssekretær for Ketil Solvik-Olsen, og å få orienteringa frå vegvesenet.

– Hordfast er eit svært viktig prosjekt. Det er krevjande, men har høg prioritet, seier Dale.

– På veg til Halhjem reiste du med eit selskap som for to veker sidan overtok ferjesambandet, og som har hatt ein trøblete start med forseinka nybygg, innleigde ferjer og mange kanselleringar. Var dette tema?

– Nei, men vi møtte driftssjefen i Torghatten og fekk ein samtale om saka.

– Det er ikkje første gong eit ferjeselskap slit etter overtaking av kontraktar. Er vegvesenet for knapp i fristane sine til at tilbydarane kan klara å levera i tide?

– Nei. Eg er opptatt av at dei som vil levera til det offentlege òg må halda seg til det dei har kome med i tilbodet sitt. Derfor blir det bøter om dei ikkje leverer som avtalt.

Hordfast: Vil ned i pris og opp i tempo

Statsråden meiner at dei i Oslo som trur at Hordfast er eit luftslott er dei same folka som ønskjer å bygga intercity på Austlandet.

I presentasjonen frå vegvesenet blei det lagt vekt på kor store delar av indre Austlandet som er sentrale kommunar (store og mellomstore kommunar med kort avstand seg imellom) i forhold til på Vestlandet. Samtidig er 60 prosent av Noreg sine eksportverdiar samla her i vest, langs Hordfast-aksen, der 1/3 av Noregs innbyggarar bur.

– Eg har inntrykk av at statsråden er opptatt av å få prisen ned og på å auka framdrifta, seier Øyvind Halleraker, dagleg leiar i Hordfast AS, til Midtsiden.

• Les òg: Spørsmål og svar om bru over Bjørnafjorden (folkemøtet i Øyane, november 2018)

Halleraker er med på reisefølgjet. Det same er stortingsrepresentant Helge André Njåstad frå Austevoll, leiar i Vestland Frp, Gustav Bahus frå Os og nestleiar Sigbjørn Framnes frå Stord.

– Ein metode for å få prosessen til å gå raskare er å, i staden for å venta til reguleringsplanen er klar, køyra K2 (kvalitetssikring) umiddelbart etter at kommunedelplanane er klare. Då kan K2 gå parallelt med reguleringsplanarbeidet, og vi sparer halvanna år, seier Halleraker.

Førebels tidsplan, ifølgje presentasjonen til vegvesenet, er KS2 i 2021, stortingsvedtak i 2022, prekvalifisering i 2023, kontraktskriving i 2024 og byggestart i midten av 2025.

Fleire saker