Lokal | 08. mars 2019

Dalen i dag

Vi får ein forblåst fredag. Sånn blir resten av helga.

Dalen i dag
Denne trampolina ligg langs Hegglandsdalsvegen på Eide i dag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. mars 2019 07:46

Fredagen i Os starta med frisk bris. Så kom snøen.

Vinden skal halda seg frisk nokre timar til, men resten av vêret skal letta utover dagen. Det er meldt lettskya frå klokka 9, og vinden skal ned i 3 m/s i ettermiddag.

Frå 21-tida fredag til 12 laurdag er det venta nedbør i form av sludd eller snø.

Fin søndag - skyfri måndag

Laurdag ettermiddag og søndag blir det opphaldsvêr, men framleis kaldt, ned i 3-5 minsgradar natt til søndag, 1-3 plussgradar på dagtid.

Måndag er det meldt skyfri himmel, tysdag etteriddag kan det koma meir snø.

Eikedalen opnar fleire skiheisar

Dei som har sakna skiføre kan gle seg over at det kom 15 cm med tung nysnø i Eikedalen natt til torsdag.

Skisenteret melder at dei har alle heisane i drift i helga, med unntak av Fjellheisen og Stolheisen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.