Sport | 06. sep. 2017

Damelaget med styrka stall

– Held dette fram kan vi eldste kanskje starta eit 7-arlag ved sidan av, seier Jorunn Staverløkk.

Damelaget med styrka stall
Delar av Os sitt damelag på trening i august. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. sep. 2017 13:14

Bildeserie:

I vår var det avreise til treningsleir i Spania.
I vår var det avreise til treningsleir i Spania.
Alle øktene var utandørs, men ikkje berre med ball.
Alle øktene var utandørs, men ikkje berre med ball.
Treningsleiren var i Rafael sin heimby, Malaga.
Treningsleiren var i Rafael sin heimby, Malaga.
No er håper å ta 2-3 sigrar til før sesongen er over.
No er håper å ta 2-3 sigrar til før sesongen er over.
1 av 4
I vår var det avreise til treningsleir i Spania.
Alle øktene var utandørs, men ikkje berre med ball.
Treningsleiren var i Rafael sin heimby, Malaga.
No er håper å ta 2-3 sigrar til før sesongen er over.

Det såg ei stund litt mørkt ut for spelarsituasjonen på damelaget til Os. Tonje Lindbom er no på Bali for å gå på skule og det var òg snakk om at toppskårar Vy Nguyen kom til å reisa vekk.

– Vy blei verande, vi har fått to keeperar tilbake, både Sukanya Sarasiri og Jeanett Kallekleiv. I tillegg har det kome opp fem nye, unge spelarar, fortel Jorunn Staverløkk.

Sjølv gjorde ho comeback med fotball då ho flytta til Os, for å koma i form etter fødsel.

– Eg og eit par av dei andre meir vaksne spelarane leiker med tanken på å starta eit 7-ar oldgirls-lag, om vi får inn eit par spelarar til. Men førebels gler vi oss over sjeldan god rekruttering til damelaget.

Fem 16-åringar reddar hausten

Verken 2000 eller '99-årgangen gav påfyll til Os sitt seniorlag på damesida.

– Sånn var det med våre lag òg. Vi var heile 30 spelarar, men berre 3 av oss heldt fram etter ungdomstida, seier Malin Moldskred.

I sommar blei årets J16-lag trekt frå haustserien. Norway Cup blei siste runde for 2001-årgangen.

– Vi var ikkje i stuss om å halda fram med fotball. Vi har trent og spelt med damelaget før, og trivst veldig godt, seier to av dei, Amanda Troøen og Ida Blindheim.

Venninnene nikkar samtykkande.

– Det er greit at vi er fleire frå 2001-laget, men eg ville trent vidare med seniorlaget uavhengig av det.

– Kunne vore mykje strengare!

Både dei etablerte og dei yngre spelarane nemner lagleiinga som viktig for trivselen. Tore Nøss har vore oppmann i årevis, og hovudtrenar har sidan vinteren 2016 vore den spanske Os-spelaren Rafael Villén Villén.

– Vi har veldig gode treningsøkter, og Rafael er utruleg snill! Han kunne kanskje vore litt strengare, seier nokre av spelarane og ler. «Mykje strengare», kjem det frå Nøss.

Rafael seier han ikkje ser behov for å skrika eller kjefta.

– Dette er jenter og damer som kjem rett frå skule og jobb for å ha det kjekt med fotball. Eg prøver å legga opp til høg intensitet, men eg er ikkje typen til å vera så streng.

– Eg ser at jentene gjer sitt beste, og at dei har vist framgang. Desse nye, unge spelarane imponerer meg, dei kjem rett inn og styrkar laget!

Os vann hausten andre kamp 2-0. Det har blitt ein del tap, men fem av tapa er med berre eitt mål.

Fekk treningsleir i Spania

Før sesongstart fekk Rafael gjennomslag frå leiinga i klubben for å ta damene med på treningsleir til utlandet. Turen gjekk til Rafael sin heimby, Malaga.

– Det var veldig kjekt å få støtte av klubben, og at vi blei mange nok til å gjennomføra. Både dei vaksne og ungdomane var med, og vi hadde ei veldig god veke.

Villén hadde lagt opp til éi fotballøkt og éi alternativ økt per dag. Treninga utanom banen var alt frå yoga til beachfotball og crossfit, men alt var utandørs.

– Det var fantastisk, både sosialt og sportsleg, med karaoke og dans, mykje å le av og mange gode treningsøkter, seier Jorunn.

Damene lo av kofferten til lagleiar Tore Nøss, men Nøss fekk og ein eigen song framført til seg av spelarane. Den var naturlegvis skriven på melodien til «Tore Tang».

Samtidig er damene opptatt av å invitera endå fleire til damefotballen.

– Det er positivt med konkurranse om plassen, det er det ei stund sidan vi har hatt. Blir vi mange nok kan dei som ønskjer å spela 7-arfotball også få draumen oppfylt, seier Charlotte Balland.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.