Damenes første!

Damelaget til Os tok sundag en etterlengta siger mot eit hard kjempande Rosendal.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os - Rosendal: 5-4 (1-1)

- Dette var veldig positivt, med mykje bra spel og ein litt for spennande slutt på kampen. Å ta ferie med 5-4-siger og tre poeng som avslutting før sommaren var veldig kjekt, seier trenar Terje Erstad.

Os har ein tynn stall og har sakna toppskåraren, som har vore sjuk heile vårsesongen. Dei starta sesongen med nokre knipne tap, og hadde berre to poeng før møtet med Rosendal på plassen over.

Gjestane tok leiinga
Os kom godt i gong, og lagde to-tre store sjansar i første halvdel av førsteomgang. Men det var Rosendal som tok leiinga rundt 15. minutt ut i kampen.

- Så blei det jamt ei stund, men heldigvis kom vi tilbake med eit fint angrep som Heidi Kloven kunne omsette til skåring like før pause.

Flytta forsvaret fram
Erstad gjorde nokre endringar i pausen som tidleg gav resultat. Elisa Christensen kom innpå på topp, og midtstoppar Helene Steffensen blei flytta fram ved sida av Elisa. I tillegg kom Janne Melstveit inn på venstre kant.

- Dei to spissane skåra raskt kva sine mål, og 3-1-leiing gav inspirasjon til heile laget. 20 minutt ut i omgangen leia vi 5-2.

Elisa skåra 4-1 før Rosendal reduserte, Linda Johansen auka til 5-2.

- Ein feil i forsvaret og ein litt uheldig keeper gjorde at Rosendal fekk redusera til 5-3. Vi fekk eitt til imot, men det siste kvarteret klarte vi fint å halda leiinga. Vi hadde nokre sjansar også, men var naturlegvis både trøytte og varsame, så vi måtte nøya oss med eittmåls-siger, seier Terje Erstad.

Treng fleire spelarar
I sommar reiser fire av spelarane frå den frå før av tynne stallen vekk på skule.

- I haust må vi klara oss utan Heidi Kloven, Mariann Solibakke, Thale Ivarhus og Anne Øvreeide. Det blir tøft, vi treng sårt fleire spelarar, seier Erstad, og håper det er damespelarar frå Os eller nabokommunane som er klare til å børste støv av fotballstøvlane.

Ein ny regel om bruk av yngre spelarar gjer det vanskeleg å ta opp fleire frå eigen stall. Os har søkt om dispensasjon for 94-spelar Åsne Takle Eide, men har enno ikkje fått svar.

- Heldigvis ser det ut som om stjernespissen vår Linn Helen Thuen snart er tilbake. Ho byrjar å trena igjen no i sommar, det kan bety mykje å få ho tilbake på laget, seier Erstad.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11