midtsiden

Dansa på dekk

Singin' in the rain, dancing in the sun; det blei ei strålande og variert opning av kystsogevekene.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag opna kystsogevekene i Os på Bunnpris Vedholmen Landhandel i Søre Øyane. Det blei folksamt og variert, sjølv om mange av oselvarane i området i år var på Tysnes for å delta i NM.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

- Det var synd at desse arrangementa kom samstundes i år, oselvaren høyrer med. Men vi får no sjå meir til oselvaren om to veker, når det er Bondens Dag og Oselvarfestival på Os, seier Jonny Haugland frå kulturkontoret.

Haugland hadde flytta opninga frå klokka 11, som var tidspunktet i fjor, til 11.30. Saman med det fine vëret var nok klokkeslettet med på å sørgja for full kai under sjølve opninga.

Lanserte båtbyggarbok
Mons Nordtveit frå Nordtveit i Fusa var ein av dei som rigga seg til før opninga. Med seg hadde han rykande ferske bøker om familiebedrifta.

- Vi har bygd båtar frå 1932 til 2001. Eg tenkte det kunne vera greit å laga ei bok medan eg framleis hugsar mykje av historia, seier Mons.

Det starta med nokre små gavlsbåtar på rundt 40 fot. På 70-talet gjekk verftet over frå tre til stål. Historia til familiebedrifta er no skriven og illustrert, eit arbeid som har tatt Mons og nokre hjelparar rundt tre år.

Regn og sol
Til låta Singin' in the Rain heldt Malin Brimsholm frå Lysefjorden og Tonje Mykkeltveit frå Fana danseoppvising på Hargun sitt dekk.

- Farfaren min kjem frå Brimsholmen, fortel Malin, som har gått på Bårdar-akademiet i Oslo saman med Tonje.

Under kystsogeopninga var det også fiskekonkurranse.
Resultat og bilde frå denne kan du sjå her.

Under ser du video frå resten av dagen.
Neste kystsogearrangement i Os er laurdag 28. august.

Fleire saker