Lokal | 10. mai 2012

Dansa på Røde Kors-dagen

Røde Kors-dagen, som er same dag som frigjeringsdagen, blei tysdag feira med trekkspelmusikk og litt dans på Luranetunet.

Dansa på Røde Kors-dagen
Det blei god stemning og litt dans på Lurantunet på Røde Kors-dagen 8. mai. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. mai 2012 12:04

Os Røde Kors Omsorg feira tysdag Røde Kors-dagen på Luranetunet med medbragt musikk av Os Trekkspillklubb.

– Arrangementet var i samarbeid med Folkeakademiet. Vi fekk 600 kroner i støtte til å dekka delar av utgiftene våre, men donerte desse til Luranetunet så dei kan kjøpa fleire planter i sansehagen sin, fortel Ragnhild Bang frå Os Røde Kors.

I 100

Bebuarar på Luranetunet deltok saman med fleire frå sjukeheimen, som ville vera med på festen.

– Saman med pleiarar og familiemedlemmar var vi nok rundt 100 med på markeringa.

Populær tradisjon

Røde Kors har markert dagen på Luranetunet fleire år før, og det er framleis veldig populært.

– Stemninga var stor, nokre gynga i takt med musikken, andre strekte nevane i vêret og nokre ganske få tok seg ein dans til den fine musikken av Os Trekkspillklubb, som er greie og stiller opp på dette, seier Ragnhild Bang.

Om Røde Kors-dagen

9. februar 1863 blei fem-mannskomiteen, som seinare tok form som Røde Kors, stifta av Henry Dunant og fire andre personar frå kjente familiar i Genève.

Dunant ville starta organisert hjelp til dei som var skadde i strid, utan å ta side i konflikten.

Den 16. Internasjonale Konferansen som kom saman i London i 1938 vedtok offisielt at 8. mai, fødselsdagen til Henri Dunant, skulle vera den offisielle, internasjonale merkedagen for rørsla. Sidan 1984 har merkedagen hatt det offisielle namnet «Røde Kors-dagen».


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.