Dansande vel-gjerarar
To gongar i veka samlar fleire kvinner seg i gymsalen på Kongshaug for å dansa zumba. Inntekta går uavkorta til to prosjekt i Bulgaria.

Latteren sit laust hos dei 9 kvinnene som, med nisseluer på, er med på siste treningsøkt før juleferien.
- Vi har det kjempegøy!
Er frå Rio - lærte zumba i Os
Fremst i salen står zumba-instruktør Livia Cerqueira de Souza Hodne, spansk- og engelsklærar på Kongshaug Musikkgymnas, men no i morspermisjon.
Ho flytta frå Rio de Janeiro til Noreg i 2006 og er busett med mann og barn i Hagavik.
- Mange trur at eg har med meg zumba frå Rio men faktisk var det på treningsenteret Actic på Os eg byrja, fortel Livia og ler.
Her fekk ho høyra at ho hadde talent for zumba og i 2011 utdanna ho seg til instruktør.
- Eg starta med zumbatrening i gymsalen på Kongshaug for rundt 3 år sidan, men då beheldt eg inntekta sjølv.
Ville hjelpa
Livia er med i organisasjonen EurECA, ein organisasjon for kristenlærarar i Europa. For eit par år sidan var ho med på ein konferanse der 2 grupper frå Sofia, Bulgaria, fortalte om dei dårlege arbeidstilhøva dei hadde.
- Det var ein privat skule med handikappa born, og i Bulgaria får dei ingen støtte frå staten til ramper og anna nødvendig utstyr.
- Og ein privat barnehage hadde starta opp ein eigen barneheim der ungane får bu til dei blir vaksne.
- I Bulgaria byter barneheimsborn barneheim annakvart år, noko dei som styrte barnehagen ville gjera noko med.
Barnehagen hadde hus til barneheimen, men mangla mykje utstyr til borna.
Begge tiltaka er kristen-private, men ungane som går på skulen og i barnehagen er i frå alle religionar.
30.000 til no
Livia blei rørt då ho høyrde historiane frå Bulgaria og tenkte med ein gong på kva ho kunne gjera for å hjelpa.
- Då tenkte eg på zumba-timane og at all inntekt skulle delast mellom desse to prosjekta.
Sidan august 2012 har Livia samla inn pengar til barneheimen og skulen og til no har ho og dei danseglade damene samla inn rundt 30.000 kroner.
- Pengane har blant anna vore med og finansiert rullestolrampe og at skulen kan betale for assistentar til elevar.
- Barneheimen har kjøpt inn utstyr og borna som bur der hadde laga til julefest for resten av barnehagen, fortel Livia.
Stort engasjement
Innsamlinga til Livia har hatt ringverkningar. I fjor hadde Søre Øyane Naturbarnehage "omvendt julekalender" der alle born hadde med gåver som blei sendt til barneheimen.
31. oktober var Livia tilbake som instruktør, 2,5 månader etter fødselen av deira første barn.
- Då viste det seg at kvinnene hadde heldt fram med treninga og samla inn 3100 kroner medan eg var vekke, fortel ho stolt.
Dei trenar måndagar og onsdagar og gymsalen på Kongshaug har dei fått låna gratis.
- Rektor på Kongshaug, Oddvar Rotvik, ønsker sterkt at lokalbefolkninga skal bruka skulen så han var ikkje vanskeleg å be.
- Kor mange som er med på treninga varierar veldig, i det siste har vi vore rundt 15, men vi har plass til fleire som vil danse, ha det gøy og samtidig støtte ein god sak.