Sport | 11. okt. 2014

Dårleg.

Null tenning, null gnist, null speleglede. Rett og slett kollektivt dårleg då Os tapte 0-5 for serieleiar Sotra.

Dårleg.
Os hadde lite å jubla over i laurdagens kamp mot Sotra (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 11. okt. 2014 18:32

Bildeserie:

Denne lobben frå Anders Kinden var det næraste Os var scoring (foto: AH)
Denne lobben frå Anders Kinden var det næraste Os var scoring (foto: AH)
1 av 1

Sotra låg før kampen mot Os på Kuventræ laurdag berre eitt poeng bak serieleier Odda og hadde difor mykje å spele for. Os derimot låg på fjerdeplass utan spesielt mykje å spele for.

Det prega kampen. Sotra ville mest, vann duellane og hadde ballen mest, og var effektive.

Etter berre to minutt tok gjestane leiinga. Sotra heldt fram med å halde trøkket.

Einaste Os-sjansen kom etter 36 minutt då Anders Kinden kom seg fri på venstrekanten og lobba over keeper, men litt for høgt og over mål.

I staden gjekk Sotra rett i angrep, kom rundt på sin venstrekant og la inn rett utanfor Frode Øvredal si rekkevidde. På bakre stople dukka Sotra-spissen opp og satte ballen enkelt i mål.

Andre omgangen heldt fram som den første. Sotra ville mest og fekk til mest. 0-2 til pause blei, ikkje ufortent 0-5 i løpet av omgangen.

– Nei, dette var dårleg.

– I dag får vi som fortent. Sotra var mykje betre enn oss.

– Alle sviktar, vi er ikkje på.

– No er det viktig at vi hevar oss i dei to siste kampane, oppsummerar Ostrenar Jørn Vegard Berge.

Os - Sotra 0-5 (0-2)
Os sitt lag: Frode Moberg Øvredal, Stian Bakke, Emilis Zilinskas, Glenn Krossøy, Torkel Hjertnes, Håkon Kvittingen, Stian Lunde, Erik Kanestrøm, Anders Kinden (Adrian Kallekleiv Valle, 53. min), Ørjan Glesnes (Emil Halver, 63. min), Christer Olsen.

Med 5-0 sigeren over Os, samstundes som Odda spelte 1-1 mot Lyngbø, tok Sotra over serietoppen før to kampar står att.

Sjå tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.