Dårleg avslutting
Handballdamene til Os avslutta første halvdel av sesongen med ein svak heimekamp mot Sotra.


Etter tapet laurdag tar Os juleferie på 9. plass på tabellen. Med 10 poeng på 11 kampar, og fare for å mista 4 poeng grunna administrativ feil, er trenaren skuffa over første halvdel av sesongen.
- Vi har tapt jamne kampar, slike som vi vann i fjor, og hatt ein tynnare stall, seier trenar Kenneth Husebø.
- I tillegg har forskjellen på dei beste og nest beste spelarane vore for stor. Ein forskjell som kan auka, sidan dei beste også trenar mest, legg han til.
Os Turn Handball har førbels ikkje fått svar på anken, men får kanskje svar før jul om den strenge dommen på den vesle feilen blir ståande.
Avslutta med årsverste
Sotra (tidl. Øygard) er eit lag Os har hatt problem mot før. Rutinerte spelarar som dreg ned tempoet er nokosom passar det unge, raske Os-laget dårleg.
- Sotra styrte kampen, men vi trudde langt ut i andre omgang at vi skulle snu kampen. Men med fem straffebom og mange brente 100 prosent-sjansar klarte vi ikkje det.
- Godt samspel hjelper ikkje når kvar enkelt ikkje er tøff nok i fintar og pådrag. Dette var årsverste i angrep, seier Husebø.
Os - Sotra: 21-24 (8-11)
Os sitt lag (skåringar i parantes): Anne-Lene Tysseland, Madeleine Hjertnes (5), Malin Hjelle Berentsen (1), Tonje Hjertnes (1), Maria Stangeland Lunde (3), Hilde Kristine Røttingen (5), Ingvill Hefte (2), Vibeke Ingebrigtsen, Elise Hjelle (4), Trine Balland, Astrid Nybø, Mona B. Stigen.
Utvisningar: Sotra: 5x2min., Os: 2x2min.
Meir om kampen på osturn.no/handball
Betre i 2010?
Sjølv om hausten ikkje har vore optimal for Os-damene, trur Husebø på ein god siste halvdel av sesongen.
- Den siste tida har vi hatt ein del sjukdom i stallen, vi får håpa på at vi held oss friske ei stund framover.
- Og så har vi fått styrka stallen med éin spelar, Irene Tangerås er klar til neste kamp og ser allereie ut til å ha vore med på å få opp dampen litt på treningane.
Os spelar første kamp i 2010 på bortebane mot Jotun 9. januar.
SJÅ TABELL