Dårleg vasstrykk og stengde vegar
Kommunen varslar dårleg vasstrykk og stengde vegar grunna vedlikehald dei kommande dagane.
Natt til tysdag 9. desember skal kommunen gjennomføra vedlikehald på hovudinntaket på Gåssand.
– Vassforsyninga blir ikkje avstengd, men enkelte abonnenter til Os vannbehandlingsanlegg vil kunna oppleva noko redusert vasstrykk medan arbeidet pågår, skriv Os kommune i ei melding.
Arbeidet vil taka til omlag klokka 23 måndag kveld og helde fram til det er ferdig.
Kommunen rår innbyggjarane til ikkje å nytta vaskemaskin og liknande medan arbeidet pågår.
Dei som bur i Lysefjorden og får vatn frå Søvik vassverk blir ikkje råka.
Stengjer Strønevegen
Vidare melder kommunen at dei skal gjera dekkearbeid på Strønevegen/Skipavika.
– Strønevegen til Nordstrøno kai og Skipavika vert stengd for gjennomkøyring tirsdag 9. desember og onsdag 10. desember mellom kl 08:00‐16:00, fortel Terje Myking hjå kommunen.
Det vil vera omkøyringsmoglegheiter, litt ut frå kor arbeidet pågår. Ved dårleg vêr eller uventa vansker kan arbeidet bli utsatt.