Datatrøbbel hos Os Taxi
– Alle som har bestilt tur hos oss bør ringa på nytt! seier Halvor Færevaag.


Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden på Facebook
– Vi veit at vi har fleire bestilte turar, men utan data får vi ikkje opp bestilingane. Dette er ille, spesielt for dei som har bestilt drosje til Flesland, seier Halvor Færevaag hos Os Taxi.
Klokka 08.05 tysdag morgon gjekk straumen i Os. Den var tilbake på kort tid.
– Eg lurer på om det var lynnedslag på Løvstakken i Bergen. I alle fall blei datasentralen vår, som vi har felles med Bergen Taxi, slått ut rundt klokka 8.
Ekstern lenkje, BT.no:
Fana og Flesland tatt av lynet
– Dette gjer at vi blant anna ikkje kjem inn på listene over bestilte turar, fortviler Færevaag.
Sidan Bergen Taxi slit med det same bør du dei neste timane ringa direkte til Os Taxi på 56572018, i staden for å hamna i noko lengre kø på 07000.
Taxibestilling på nett er naturlegvis ikkje å anbefala akkurat no ...