De Unges Scene - Den store klassepesten

Os barne- og ungdomsteater

Os barne- og ungdomsteater har gleda av å presentere ny dramatikk for ungdom, framført av ungdom.
 
Ein klassefest går frykteleg gale når klassens sjefsmobbar og gjengen hennar kjem på festen og mobbeofra får nok. Dei får overtaket og må vurdere fleire løysningar. Kva kan du gjere når du har fått makt over nokon du hatar? Snakke dei til vett eller torturere? Med mørk humor og stereotypiske karakterar som blir pressa opp i eit hjørne, tar stykket opp tema som mobbing og å stå for eigne meiningar med ein komisk vri.
 
Skodespelarar: Hanne Dahl, Isabell R. Aase, Mariell N. Olsen, Una Solheim, Marie F. Steinum, Leander Dyrdal Lie, Andrea F. Teigen, Ingeborg L. Larsen, Lukas Rysjedal, Maren L. Petersen, Elida S. H. Kordts, Frida M. Johannessen, Kristina Dale, Amber Merrett og Zofia Konieczka.
 
Manus: Kjetil Indregard
Regi: Frøydis Flotve
 
Stykket er del av det nasjonale konseptet; Den unge scenen www.dus.as
 
Ord. 175.- / 10-19 år: 125.-
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement !

Onsdag, mars 20, 2019 - 19:00