Kultur | 28. aug. 2019

Debatt og outlet på Bondens Dag

Laurdag: «Open gard» på Kyrkjeflaten og marknad både ute og under tak i Os sentrum.

Debatt og outlet på Bondens Dag
Jeanett frå Os Sentrumsforening og Olav frå Os Bondelag er klare for ein aktiv dag i Os sentrum og på Kyrkjeflaten laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. aug. 2019 07:02

Sjølv om det ikkje er Kystsogevekene/Kystkultur no! i Os i år, ser det ut til at arrangementa likevel går som normalt. I Øyane var det fiskekonkurranse i helga, og om ei god veke blir det arrangert Oselvarfestival saman med Kulturminnedagane.

Bondens Dag blir arrangert av Os Bondelag saman med Os Sentrumsforening, og er uansett ikkje avhengig av å stå på programmet til «Kystkultur no!».

– Arrangementet går som normalt, og med nokre tilleggsaktivitetar, seier Jeanett Borgen Kallekleiv og Olav Botnevik.

Nestleiar i bondelaget kjem med to spørsmål

På Kyrkjeflaten blir det «open gard» der du kan møta fleire dyr frå gardane i Os. Ponniriding er flytta til den andre sida av kyrkja, på vegen opp til Prestegarden og Borgstova.

– Saueklipping var så populært i fjor at vi faktisk fekk kjeft. Det var ein i publikum som meinte vi måtte ha scene så alle fekk sjå, fortel Olav og ler.

Som under førre lokalval arrangerer Os Bondelag debattpanel. Nestleiar i Norges Bondelag, Frøydis Haugen, skal leia årets debatt i Os sentrum.

– Ho kjem til å stilla lokalpolitikarane to spørsmål; Korleis tar vi vare på kulturlandskapen i Bjørnafjorden? Korleis er landbruket i Os om 10 år?

– Bøndene si rolle handlar ikkje berre om matproduksjon, den handlar om korleis bygda ser ut. Grøne bakkar set sitt preg. Musikkvideoen frå 2015 til «Song til Os» fekk mykje ros. Dyrka mark utgjer vesentlege delar av kulissane.

Butikkar samlast om stort vareutsal i Tunet

Bondens Dag startar som vanleg med gratis frukost i telt på Torget, og held fram med aktivitetar på Kyrkjeflaten og marknad på Øyro.

– Det er marknad i Bergen òg denne helga, men vi har heldigvis fått nokre lokalprodusentar til Os, seier Jeanett.

Nytt i år er outlet i Tunet kyrkje- og kultursenter.

– Minst 4-5 butikkar i Os sentrum samlast om å ta dei beste tilbodsvarene sine til Tunet for felles utsal. Det har blitt gjort før, med stor suksess, men ikkje under Bondens Dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.