Lokal | 30. aug. 2017

Debatt om næringsliv i ny kulturstove

Os Næringsråd arrangerer paneldebatt i Vognhallen før valet. Desse politikarane stiller.

Debatt om næringsliv i ny kulturstove
Debatten blir halden i den nye kulturstova i Vognhallen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. aug. 2017 12:36

Bildeserie:

1 av 1

Os Næringsråd sendte i dag ut invitasjon til debatt om næringslivspolitikk i den nye kulturstova i Vognhallen.

– Vi tenkte at det er naturleg at vi er med på å setja agenda no inn mot valet, spesielt innan tema relatert til næringsliv. Vi håper at både næringslivsaktørar og andre interesserte kjem for å høyra på, seier styremedlem i Os Næringsråd Anders Hjelle til Midtsiden.

Paneldebatten blir arrangert på ettermiddagen onsdag 6. september, fem dagar før valet, og har fri entré.

– Det er heller ikkje påmelding til arrangementet, men lokalet har plass til rundt 100, så vi håper at alle som vil høyra på får plass.

Innleiing av olje- og energiministeren

«Korleis vil stortingsvalet 2017 påverke næringslivet i Os?» skriv Os Næringsråd i invitasjonen.

Næringsrådet har sjølv kome med stikkord og spørsmål, men ordstyrar Andris Hamre (journalist i Midtsiden) står ifølgje Hjelle ganske fritt til å forma spørsmål som kan skapa god debatt.

Stikkorda er desse:
• Formueskatt
• Klima og det grøne skiftet
• Samferdsle
• Lokal næringsutvikling

– Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) skal halda ei innleiing på 15-20 minutt før debatten startar. Vi håper han blir frisk og klar til denne onsdagen, seier Hjelle om Søviknes, som har vore på sjukehus igjen etter brotet i foten.

Deltakarane i debatten blir: Ove Trelllevik (Høyre), Espen Aspenes (Frp), Jan Helge Corneliussen (TvS), Magne Rommetveit (Ap), Glenn Erik Haugland (Venstre), Harald Lekven (Sp), Knut Børgesen (MDG) og Pål Kårbø (KrF). Sjå òg bildefil over.

Midtsiden skreiv først, i tråd med invitasjonen, at det var Isaac Lekven som representerte Sp. Det er feil, Harald Lekven er rett namn. Vi har skifta bilde i fila, som er faksimile av invitasjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.