Kultur | 23. jan. 2011

Debutant imponerte

Det Os-ar av talent i Oseana-bygda: Benedicte Silchenstedt Lunde debuterte og fekk Havfest-rolle.

Debutant imponerte
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. jan. 2011 20:39

- Vi har hatt ståpels, bakoversveis og tårer i augekroken, dette har vore ei heilt utruleg helg, seier Glenn Erik Haugland frå Opera Omnia.

I helga har han saman med kona Heidi Tronsmo og regissør Hege Gabrielsen hatt audition til Havfest, folkeoperaen som skal vera del av opningsfestivalen til Oseana i juni.

- Det var eit sånt nivå på dei 50 som møtte fram at vi har ikkje ord. Og dette skjer i vår eiga heimbygd, at vi rett og slett har eit heilt operaensemble utanfor stovedøra, seier komponisten.

Første gong for publikum
Då Midtsiden.no var innom Havfest-audition laurdag hadde Benedicte Silchenstedt Lunde nettopp vist seg for juryen.

- Eg har vore ein skap-songar til no, eg har aldri sunge for eit publikum før. Det var onkelen min (den kjente trommespelaren Magne Lunde, red. anm.) som meinte eg burde stilla opp her, fortel ho.

Benedicte hadde valt ut ein Sissel Kyrkjebø-låt frå Disney-filmen om havfrua Ariel.

- Eg tenkte den ville passa bra til Havfest, sa ho laurdag ettermiddag.

I skrivande stund blir ho oppringt med beskjed om at ho får ei av rollene.

Plukker ut 30
Det kom folk frå både Bergen, Stord og Bømlo på audition i Fjellheim fredag og laurdag. Men dei fleste deltakarane var osingar.

- Vi har hatt gutar og jenter frå 5 til 61 år. Mange av deltakarane gjekk vidare til ny runde i dag, der dei har fått nye utfordringar og blitt filma og tatt bilde av.

Arrangørane har rundt 10 solistar som var plukka ut på førehand, og gjev roller til rundt 30 av dei 50 som har sunge for dei i helga.

Fekk fatet fullt
Også UKM-deltakarar blei inviterte til audition i dag.

- Vi sit og ringer til dei som har fått rolle no, samstundes som vi ser på video og vel ut dei siste. Vi har fått alt vi var på jakt etter og meir til.

- Kva skjer vidare med dei som får rolle?

- Dei lir invitert til øvingar no til våren og kan førebu seg på intensivering av øvingar fram mot Oseana-opninga 17. juni, seier Glenn Erik Haugland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.