Fotball | 09. aug. 2014

Debuterer i 1. divisjon

Amalie Lindborg Bøyum debuterer i dag i mål for 1. divisjonslaget Fart mot Sarpsborg 08.

Debuterer i 1. divisjon
Amalie Lindborg Bøyum debuterer for Fart IL i 1. divisjon laurdag. Den siste veka har ho vore instruktør og nattevakt på Fart si elitefotballskule (foto: Frode Dalseng, Fart IL)
Andris Hamrelørdag 09. aug. 2014 06:55

I vinter fekk keepertalentet Amalie Lindborg Bøyum tilbod om å spela med 1. divisjonsklubben Fart IL. I dag debuterer ho frå start, når ho vokter buret til Hamar-laget.

– Amalie er ei fantastisk positiv og flott jente, som stiller opp når det skulle vera.

– Heile den siste veka har ho vore instruktør og nattevakt på klubben si elitefotballskule for jenter. Ei skule ho sjølv har delteke på fem år på rad, og som gjorde at vi blei klar over ho, seier administrativ leiar i Fart IL, Frode Dalseng.

Troppen var målet

Den beskjedne Os-jenta hadde ikkje den høgste målsettinga då ho kom til Fart.

– Målet mitt var å koma med i troppen, men allereie i første serierunde sat eg på benken, så då var det berre å finna eit nytt mål.

– Det blei naturleg nok å få spilla ein kamp frå start, og i morgon skjer det, fortel ei spent Amalie Lindborg Bøyum.

Tøff konkurranse

Konkurransen om plassen er hard. I laget har dei fem - seks keeperar som kjempar om plassen.

– Ho som har vore førstekeeper kom inn på skule i Trondheim og flytta dit nettopp, så då opna det seg ein moglegheit for meg.

– Sjølv om eg er kjempespent, så skal eg gjera mitt beste for å halde på plassen.

– Vi slit på tabellen og treng ein god haust for å klatra på tabellen, nett no ligg vi på nest siste plass, men alle på laget er innstilt på å gjera det vi kan for å berga plassen.

Pendla kvar helg

Ungjenta blei ferdig med fagbrevet som barne- og ungdomsarbeidar i vår og har fått seg jobb ved Løten Ungdomsskule ved sidan av fotballen.

– I vår blei det mykje pendling.

– Eg gjekk på skule i Os og trente med Os sitt lag, men kvar helg tok eg turen over til austlandet for å spele med Fart.

– Eg prøvde å koma meg over så tidleg at eg fekk med meg fredagstreningane, fortel keeperen.

Stor nivåskilnad

Ein av grunnane til at ho ville ha med seg fredagstreningane var nivåskilnaden mellom 1. og 4. divisjon.

– Den er enorm stor.

– Farten i 1. divisjon er ekstremt mykje høgare enn i 4. divisjon. Det går berre ikkje ann å samenlikna.

– Det gjer òg at eg er spent før kampen. Eg har jo ikkje tatt eit mellomsteg, men gått direkte frå fjerde til første.

– Men, ein gong må no vera den første, seier ho.

Håpar Os satsar på jentene

Fart IL er ein av relativt få fotballklubbar som har satsa bevisst på jentefotballen.

– Det må vera lov å håpa at dei får til ei satsing også i Os.

– Det burde absolutt la seg gjera.

– Ingenting er meir synd enn om jente- og småjentespelarane på Os må reisa vekk for å få spela på eit høgare nivå slik som eg har måtte gjera, avsluttar Amalie Lindborg Bøyum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.